You are not logged in
Log in
Sign up
PremiumPlus family site
Welcome
My name is Ingunn Alice Husebø ,født. Andreassen and I started this site.
This site was created using MyHeritage.com. This is a great system that allows anyone like you and me to create a private site for their family, build their family tree and share family photos. If you have any comments or feedback about this site, please click here to contact me.
Our family tree is posted online on this site! There are 43907 names in our family site. The earliest event is the birth of Harald Klak (785). The most recent event is the birth of <Private> Halsebakke Schei (Aug 26 2014).
The site was last updated on Oct 21 2014, and it currently has 362 registered member(s). If you wish to become a member too, please click here.   Enjoy!

Go to family tree
Family news
Today
A site member joined another family site: Larsen Web Site
Yesterday
A site member joined another family site: Goksör Web Site
A site member joined another family site: Henning Vinloev-Hansen Web Site
A site member joined another family site: Wiggen Web Site
A site member joined another family site: Torry Heritage Web Site
A site member joined another family site: Hansen Web Site
A site member joined another family site: bondeven Web Site
Oct 19, 2014
A site member joined another family site: Nygård Web Site
A site member joined another family site: Andreassen Web Site
A site member joined another family site: Johnson Eells Web Site
A site member joined another family site: Bigfamily Web Site
A site member joined another family site: nyborg-karlsen Web Site
Oct 18, 2014
A site member joined another family site: Our Family History
Oct 16, 2014
A site member joined another family site: Westrheim - Martinsen Web Site
A site member joined another family site: refvik Web Site
A site member commented on event 70th birthday of Jacob Husebø:
 Hei Jacob. Sendte en ordinær e-mail, men den kom I retur. Gratulerer likevel så meget fra cati og meg. Håper at helsa står ved lag 
Oct 15, 2014
A site member joined another family site: Nilsen Web Site
A site member joined another family site: Espevold Web Site
A site member joined another family site: refvik Web Site
A site member joined another family site: Hans Tore's slekt Web Site
Oct 14, 2014
A site member joined another family site: Nettstedet til Solveig Egebakken
A site member updated his profile.
 
View older news
News articles
Other:Litt gardshistorie hentet hos Tormod Kinnes og Ivar Bakke
Posted by: Terje Alfheim on Oct 30 2012 14:56

UTFYLLANDE: SLEKT FRÅ GARDEN SOLEND PÅ RADØY

Mor til Iver Halvorsen Perhusbakken (farfar) kom frå garden Søre Solen(d) (gardsnummer 48, bruksnummer 2, Myren) i Radøy kommune. Her er denne slektslinja mellom anna tilfang frå Solend, i form av klipp frå Anders Hauglands. Radøy gjennom tidene, 3. bd, s 341 og utetter for gardsnr. 47-48. Slekt i direkte linje er undstreka, med store bokstavar, og no og då med feit skrift, så det går lettare å finne fram.


SOLEND
Solend ligg nordaust for Manger sentrum, med busetnad på begge sidene av riksvegen inn mot kommunesenteret. På den nordvestre sida av riksvegen ligg Nordre Solend (gardsnr. 47), og på den søraustre sida ligg Søre Solend (gardsnr. 48). Begge er gamle matrikkelgardar som er delte opp i fleire gardsbruk. I tillegg finst her ein del frådelte hustomter.

Før 1550: Frå fangstfolk til fastbuande bønder. Nordre Solend kjem under presten og Søre Solend under lesemeisteren
Ei klubbe av kleberstein og eit bryne er begge funne på Nordre Solend og daterte til steinalderen. Dei fortel at steinalderfolket heldt til langs strendene {s 341] her etter istida, den tid strandlina stod fleire meter høgare enn no. Dette var fangstfolk, som truleg levde eit heller omflakkande liv langs strendene. I alle høve var det lenge før dei første fastbuande bøndene slo seg til her, for å rydja åker og eng og byggja seg ein gard.
Dette kan ha skjedd i den store landnåmstida eit par hundre åra etter Kristi fødsel, kanskje i åra mellom 300 og 500 etter vår tidsrekning. Då var det så mange gardar som var rydja her vest. Solend når ikkje til sjøen, men hadde frå gammalt av rett til å ha naust under Manger. Kanskje vart garden rydja derifrå, ved ei utflytting frå Manger.
Seinare vart garden delt i to jamstore lutar, Nordre og Søre Solend. Dette kan ha skjedd alt i vikingtida (800 – 1050 e.Kr.), eventuelt litt seinare.
Namnet er gjerne like gammalt som garden, og dermed ikkje så enkelt å tyda sikkert. Men dei gamle namneforskarane Oluf Rygh og Magnus Olsen meinte at førsteleden kan koma av ordet sol, "da begge Gaarde ligge aabent mod Solen". Endinga -und rekna dei som ei såkalla avleiingsending. Slike endingar finn me i mange stadnamn og har inga bestemt tyding.
Garden er nemnd første gongen i den kyrkjelege jordeboka Bergens Kalvskinn, som skal vera skriven kring 1360 men som byggjer på ei litt eldre kjelde frå tidleg på 1300-talet. Då er namnet skrive i genitivsforma Solander. Seinare er garden nemnd fleire gonger utetter på 1500-talet, som Solende (1519), Solunde (1563), Soleim og Solomm (1567).
Alt då var nok d-en i ferd med på bli stum, og namnet uttala Solun og seinare Solen. Slik vert namnet uttala den dag i dag. Men i skriftleg form tek me med den bortfallne d-en, som i Helland.
Den gamle jordeboka frå 1300-talet fortel at ein del av Solend var komen under presten. Det vil seia at jorda høyrde til det såkalla prestebolet, her presteembetet på Manger. Dermed vart Solend-bonden presten sin leiglending, og han skulle gje den årlege jordleiga (landskylda) til presten på Manger. Dette vart ein del av prestelønn.
Men dette galdt berre Nordre Solend. Dei store jordebøkene frå tidleg 1600-talet fortel at det berre var denne nordre parten som låg til presten i Manger.
Søre Solend låg derimot til Lektoratet i Bergen, ofte omtala som Lesemeisteren. Dette lektoratet var ein institusjon som gjekk tilbake til den katolske kyrkja. Det vart omorganisert etter reformasjonen i 1537 og spela ei viktig rolle, særleg innan teologisk utdanning.

1550 - 1710: Frå to til åtte gardsbruk. Solend får sitt noverande bruksmønster
Midt på 1500-talet vart Nordre Solend delt i to gardsbruk, som truleg var jamstore. Denne todelinga kom til å stå ved lag i halvtanna hundre år, til sommaren 1696. Då var bonden Jon Knutsen død, og enkja gifte seg opp att med Jens Olsen Dalland, som straks tok over halve gardsbruket hennar. Denne halvparten tilsvarer det noverande bruksnr. 4. Den andre halvparten fekk Jon sin son, Knut Jonsen Solend (som fekk bruksnr. 3).
Ikkje lenge etter vart den andre halvparten delt i to jamstore bruk. Det skjedde kring 1710, då bonden Ivar Jensen gav halve bruket ifrå seg til Jens. {s 343] . . . medan Ivar vart sitjande att med bruksnr. 1.
1 1710 hadde Nordre Solend den bruksdelinga me kjenner i dag, med fire nokså jamstore gardsbruk. På Søre Solend byrja delinga noko seinare, 1617 eller -18. Då delte Johannes og Knut Gudmundsen garden imellom seg.
1 1646 vart Knut sitt gardsbruk [nr 3] delt på nytt, slik at Knut vart sitjande att med halve bruket, medan ein Hans Ellingsen tok over den andre halvparten. Desse to bruka var like store og utgjorde dermed kvar sin fjerdepart av Søre Solend.
Nokre år tidlegare, kring 1635, var den andre halvdelen av Søre Solend delt likt mellom Jens og Magne Olsen. Dermed kan den såkalla skattematrikkelen i 1647 fortelja om fire gardsbruk, som med eitt unntak var jamstore. Seinare kjelder fortel om fire like store bruk.
Mellom 1665 og 1690 er det få skrivne kjelder som kan fortelja kven som hadde dei ulike gardsbruka. [Men etter] 1690 . . . kan me setja opp sikre brukarliner for kvart av dei fire gardsbruka på Søre Solend.
I alle høve var det blitt folksamt på Solend, ikkje minst på den søre parten. Her levde mange tett saman, i kvardag og fest. Dessverre er det helst dei mindre hyggelege sidene me får innsyn i gjennom tingbøkene.

1710 – 1850: Åtte leiglendingsbruk under prestebol og lektorat
Den omfattande garddelinga i den føregåande perioden hadde gjeve den bruksdelinga me i store trekk kjenner den dag i dag. Rett nok vart det eine gardsbruket på Søre Solend delt i to jamstore bruk, etter ei deling mellom to brør i 1840. Dette gav bruksnr. 1 og 2, begge med namna Myræ (Myren).
Framleis var bøndene leiglendingar. På Nordre Solend gav dei den årlege landskylda til presten i Manger, og på Søre Solend gav dei landskylda til Lektoratet. I siste halvdelen av 1700-talet er rett nok Seminarium Fridericianum oppførd som jordeigar på Søre Solend, og seinare Kathedralskolen i Bergen. Men i hovudsak var dette den same institusjonen, som hadde endra namn og innhald. {s 345]
Frå 1835 til -45 selde katedralskulen alle gardsbruka på Søre Solend til oppsitjarane. Leiglendingstida var slutt.
Snart skjedde det same på Nordre Solend. Den gamle prestebolsjorda var seld ved "Kongeligt Skjøde" til oppsitjarane, dei første i 1847. Men det var nok ikkje alle som var så huga på å investere i jordekjøp. På bruksnr. 2 sat enkja Turid. Ho dreiv garden i mange år, med god hjelp frå sønene. Først då sonen Jakob tok over garden, i 1877, vart den gamle prestebolsjorda løyst inn.
Gardsdrifta var framleis tradisjonsbunden, med små endringar. Rett nok var poteta komen til gards sist på 1700-talet. Og korndyrkinga hadde auka ein god del . . .
Men framleis hausta dei mest alt vinterfôret i utmarka, først og fremst gras og lyng . . .

1850 –1950: Nye driftsformer og minnelege utskiftingar
Åkerbruket auka sterkt utetter 1800-talet. Samstundes auka hestetalet. Det heng saman med ei viss mekanisering. På åkeren vart spaden og riva i stor grad bytta ut med hest, plog og harv.
Men då trongst det litt større åkrar enn dei gamle åkerlappene, i gamle dokument gjerne omtala som "agerflæk". Desse vart no brotne saman til større åkerteigar. Men den gamle teigblandinga sette sine tronge grenser for dette. Det såg bøndene på Solend tidleg. Dei vart tidleg samde om minnelege utskiftingar. {s 347]
Alt i 1829 gjennomførte bøndene på Søre Solend ei slik minneleg utskifting. Mellom kvart av gardsbruka vart det no drege greie grenseliner, "saa at enhver af disse Opsiddere har faaet deres jordebrug udi et samlet Stykke, samt at alt Fællesskab mellem dem er hævet, saavel af Ager som Eng". Denne delinga sa alle oppsitjarane seg nøgde med.
Noka flytting av husa var det ikkje snakk om, og i den grad dette trongst, vart nok dette teke over tid, når nye hus måtte byggjast til erstatning for dei gamle. Seinare utskiftingskart viser i alle høve at kvar bonde hadde husa sine på sin eigen teig.
I 1847 gjorde oppsitjarane på Nordre Solend nett det same: Dei skifta ut heile garden ved ei minneleg utskifting. Også her vart gardsbruka delte inn i samanhengande teigar.
Knapt 80 år seinare gjekk Nordre Solend igjennom ei ny utskifting. Denne tykkjest helst å ha vore ei justering av den eldre utskiftinga. Under og etter krigen vart det gjennomført ei tilsvarande utskifting på Søre Solend, også her med endringar av grenselinene.
Framleis var jordbruket den klart viktigaste næringa på Solend, med fiske som ei viktig sidenæring. Skildringa av Helleman og Amalia sitt jordbruk året før krigsutbrotet gjev nok eit dekkande bilete av eit gardsbruk på Solend, slik det går fram av jordbruksteljinga i 1939: På garden sin dyrka dei fire mål havre og like mange mål poteter, og dei hadde ein hage med sju eple- og plommetre og eit trettitala bærbuskas av rips, stikkelsbær og solbær. Buskapen deira talde ein hest med føl, fem mjølkekyr med ein kalv og eit tjuetall {s 348] sauer og lam, og elles var der ein flokk høner med kyllingar. Av gardsreiskapar er det rekna opp ein slåmaskin, ei tohjuls arbeidskjerre og ei høyvogn.
Framleis var det slik at garden oftast gjekk frå far til son, med kår til den eldre generasjonen, som då Rasmus tok over heimegarden i 1881. Men då sat framleis besteforeldra som kårfolk på garden. Så Rasmus kunne ikkje gje dei vanlege kårytingane. I staden skulle han få "ved vort Bord den fornødne Føde og Ophold samt tilstrækkelige Klæder samt Pleie og Tilsyn". Dessutan kunne han fritt bruka åkeren Flatåkeren, "mod at han arbeider med oss paa Gaarden efter som han dertil føler sig istand".
Men nye tider var i emning. Det kjem klårt fram ved den tragiske ulykka utpå ettersommaren 1929. Då vart den 24 år gamle Mons Jakobsen Solend overkjørt av dokterbilen. Han døydde av "Lungeblødning forårsaket ved automobiloverkjørsel". {s 349]
0 Comments|%1 Views|View full article
Announcements:Overraskende "slektskopling"
Posted by: on Aug 8 2010 05:49

Mathias Larsson Kalvik (1859-1891) hadde av barn:

Inga Marie Olsen (f. Kalvik 1885-?). Inga Marie fikk sønnen Magne Revheim og Magne fikk datteren Margareth (Rita). Rita er gift med Arne Johansen som er min svoger.

Johan Kalvik (1859-1972) fikk datteren Ruth som ble gift med min onkel Trygve. De fikk sønnen Jacob.

Konklusjon:

Fetter Jacob og svigerinne Rita er altså tremenninger, -

men når døde Inga og hvor ble hun gravlagt?

1 Comment|43 Views|View full article
Visits
0032625
 
Loading...
Loading...