You are not logged in
Log in
Sign up
Welcome
Tormod Kinnes starta nettstaden. Ivar Bakken er vevmeister òg. Det er mogeleg å sjå og skrive ut fleire slektstre og få opplysningar om slekta tilbake til mellomalderen i fleire av slektslinjene. SØK: Klikk på lupa i bandet på toppen og skriv inn. Ei anna side - http://oaks.nvg.org/lokale.html - fortel frå ulike gardar der fleire norske anar i sær har budd. -- Mange data her på sidene kjem frå eldre dokument, og særlig bygdebøker og slektsbøker (sjå vidare frå artikkelen "Bidragskjelder" på sida). Person-biografiar med giftemål, fleirgifte, mange fleire barn og anna er med for ei mengde anar. Somme anar kan ein lese om i Wikipedia. Nokre vegar fram til meir utfyllande data er (1) Søkeboksa (klikk på lupa øvst på sida, sett inn namn du lurer på og sjå over kva som kjem fram. (2a) 'Slektstre' > 'personer'  eller (2b) '"Slektstre' > moderne visning' > klikk over boksa til personen (og dernest 'vis profil').  --- Det er også mogleg å dele bilete for den som vil. Har du meir å ta med, som kommentarar eller tilbakemeldingar, sjekk here.
Veg til artiklar for medlemmar: Få fram "Artikler" frå "Apps" ovanfor.
Our family tree is posted online on this site! There are 1583 names in our family site.
Nettstaden blei sist oppdatert Dec 17 2014 og har for tida 38 registrerte medlemmar.If you wish to become a member too, please click here.   Hygg deg.


Go to family tree

Go to family photos
Family news
Today
Elizabeth Kleven joined another family site: Olsen Web Site
Tormod Kinnes said: Kontakt Ivar eller meg om de vil ha endra ting om dykk sjølve herifrå. Vennleg helsing Tormod
Tormod Kinnes said: Nokon har kludra med Ivar-data. Leitt! Best å blokkere at slikt kan skje att. Helsing Tormod
Dec 15, 2014
William Bakken updated his profile.
 
View older news
News articles
Genealogy:Podebusk-barn eller ikkje . . .
Posted by: Tormod Kinnes on May 13 2013 09:00

Jens Rostvig i slektssamanheng

Det er nesten sikkert at Jens ikkje brukte namnet Rostvig sjølv. Skikken blant dansk adel, særleg lågadel, ifør, var å bruke -sen-ending etter farsnamnet, skriv ein historikar. Ein av etterkommarane til Jens tok til å bruke 'Rostvig', heiter det elles i ei historisk kjelde. Namnet Rostvig

maa vel ogsaa antages at være et Stednavn, skønt et Sted af dette Navn nu ikke kjendes", skriv Anders Thiset. Han forklarer: "Det vides forøvrigt ikke, at Slægtens faa Medlemmer selv have kjendt og brugt dette Navn." Han skriv vidare at "endnu langt ind i det 17. Aarh. [findes] ikke blot enkelte Medlemmer, men hele Linier af Slægter, ja hele Slægter af den danske Adel, som kun kaldte sig ved de fædrene Fornavne med et tilføiet "sen" og ikke brugte virkelige Slægtnavne. Særlig findes slige Tilfælde blandt den laveste Adel, hvis daglige Levevis neppe har adskilt sig stort fra de omboende Bønders, men selv blandt Høiadelen forekom de." [A. Thiset. Artikkelen "Bidrag til Navneskikkens Historie" i Historisk Tidsskrift, Bind 8. række, 4 (1912 - 1913) 2, s. 226-27] [Lenke]

På fleire slektssider står det det Jens (Rostvig til Vixtrup) er son til Hans Eriksen og Marine Henningsdatter Podebusk. Begge desse er kjende i danske kjelder, som til dømes eigarlista til Bistrup Gård [Dansk Wikipedia, s.v. "Bistrup Gaard"].

Marine er også nemnd i TRAP: Kongeriget Danmark, 3. utgave, udarbeidet av H. Wettemeyer. Kjøbenhavn MCMVI, Forlagt af G. E. C. Gad's Universitetsboghandel. 1. Bind: Personalregister: http://runeberg.org/trap/3-p/0190.html

Fleip: Forlagt, men ikkje mista . . .

Utdrag frå Bidstrups eigarliste

(1345-1390) Petrus Jensen Galskyt

(1390-1419) JENS Eskildsen Falk

(1419) KIRSTEN Jensdatter Falk gift Podebusk

(1419-1461) HENNING PODEBUSK

(1461) MARINE Henningsdatter Podebusk gift Eriksen

(1461-1468) HANS ERIKSEN

[Dansk Wikipedia, s.v. "Bistrup"]

KOR KOM JENS FRÅ?

Jens Rostvig står omtala på både danske og norske slektssider som "til Vikstrup". Det finst TO Vikstrup-gardar på øya Fyn. Jens blir av fleire knytt til Vikstrup i Gudme, Svendborg sør på øya Fyn i Danmark. Men den Vixtorp-garden kan det ikkje vere - han var ikkje herregard før etter Jens si tid, og Jens er omtala som "dansk herremand". Så adressa "til Wixtorp" (og liknande), viser IKKJE til garden på sør-Fyn, for denne garden - Vejstrup (Wixtrup o.a.) - var neppe herregard då Jens levde. Sitat:

Naar der vel i det 15de Aarh. omtales en Erik Jensen (Rostvig) og Erik Hansen (Bernhoft) til Vigstrup i Fyen (Norske Saml. 1, 405), maa dette Sted søges i det vestlige Fyen, i Gamtofle Sogn. Da. Atlas VI, 660. Endnu 1547 var Jacob Brockenhuus' Gaard [i Vejstrup] ikke anderledes end at Kongen agtede at lægge den ind under Nyborg Lehn som en almindelig Bondegaard (s. nedenf.). Men Hans Gaas ejede Gods i Vejstrup, hans Søn har da formodentlig dannet Herregaarden deraf efterat have erhvervet den Gaard, Jacob Brockenhuus fik til Sædegaard af Kongen.[◦Kjelda]

Vikstorp i dagens Assens kommune vest på den danske øya Fyn er delt i Store og Lille Vikstorp i dag. [◦Om den garden]. Namnet stemmer iallfall, og garden er gammal herregard: Gjentak:

Thi naar der vel i det 15de Aarh. omtales en Erik Jensen (Rostvig) og Erik Hansen (Bernhoft) til Vigstrup i Fyen (Norske Saml. 1, 405), maa dette Sted søges i det vestlige Fyen, i Gamtofle Sogn. Da. Atlas VI, 660. [◦Kjelda]

Erland Porsmose (1978) tar med ein del frå historia til Vistorp på vest-Fyn:

Vistorp, Søllested sogn, Båg herred:

I 1650 afstod kronen tre gårde i Vistorp til Brahesborg gods (Kr.Sk. 3/11 1650). I 1664 (Mat. 1664) var der kun 2 gårde tilbage i byen, og om den ene hedder det, at den ikke kan slås i htk, fordi den er beregnet under Brahesborg hovedgårdstakst. I 1774 (Al 774, s. 657) var der kun én gård tilbage i Vistorp. [s. 453-54] [◦Kjelda]

Danmarks stednavn om namnet

Lille Vistorp gard. (1005. Søllested sokn, Båg herad), ds14,

Efterled/endelse: torp

Tolkning:

Forleddet er snarest [adjektiv frå gammaldanske] wæstri 'vestre' eller adv. glda. wæstær 'vest', som antaget i DS VIII 168. Byen er udskiftet fra det østligere liggende Søllested. Paralleller til efterledstrykket i torpnavne med retningsangivende forled er Nordtorp på Sydfyn (DS XIII 48) og Åstorp i Østjylland (øst, DS VIII 168). Vistorp i Gamtofte s. (ovfr. p. 289) er udflyttet fra L. Vis torp. Om torp se indl[edningen].

[◦Kjelda]

Torp kan tyde så mangt, blant anna "eneliggende gård på landet", "åben (skovløs) plads, gård, landsby, mark, land" og anna (Ordbog over det danske sprog).

Om Gentofte Sogn vest på Fyn

Trap skriv oppreknande om Gamtofte Sogn - Project Runeberg - Kongeriget Danmark / 3. Udgave 3. Bind : Bornholms, Maribo, Odense og Svendborg Amter / , s. 538 ff. [◦Kjelda]


MUNTHE OFL. FÅR TILLAGT VEKT

I eit verk av historikaren Gerhard Munthe ofl. er Jens ein "Rostvig", og Rostvig-anar etter Jens og Inger (Ugerup) er tatt med. Det er også med mange Rostvigar før Jens, men noka førstehandskjelde er ikkje Muthe ofl. Det er ei tilvisingskjelde. Førstehandskjelder omfattar så som dåpsattestar og vigselsattestar.

Eg har ikkje sett at Jens står oppført som son til Hans og Marine i danske, historiske oversikter - men slektskapet står likevel på slektssider utan noko belegg ("fortøying, feste") for det. Så utanom Munthe ofl, kva for peikepinnar har vi? (1) Etter namneskikkane før blei første barna jamt kalla opp att etter besteforeldre. Frå Marine Podebusk kan ein såleis vente jentenamn som Maren "og liknande" i ætta. Var far til Jens Hans, skulle ein kunne finne Hans'ar i ætta etter Jens, og Hans Jensen er klart dokumentert frå norsk hald. Så frå oppkallingskikken som var, har ein indisiar på slektsforhold, men ikkje sikre prov. Det blir med andre ord usikkert.

Historikarar er ikkje alltid samde om kva som stemmer eller ikkje. Det er ei gammal lekse. Men namna tyder på oppkallingar; og (2) årstala for foreldre og mogeleg son synest å stemme godt; (3) adelsætta var lita med få kjende å velje mellom - og (4) ei noko gammal tilvisingskjelde seier slektskapet er der, kan ein få velje sjølv, men skulle ha i minne og vel også vise at slektskapet ikkje er heilt godt stadfesta all den tid samtidsdokument for slektsforholda til Jens og foreldra er mangelvare eller offentleg ukjente til no.

Eg har tatt meg tid til å gå inn i anerekker ifrå dei presumptive (antatte) foreldra til Jens, og noko av den automatisk genererte informasjonen på velkomstsida er gitt ut frå det - men ein skulle ha i minne dei reservasjonane som er med i det,

Det finst ganske godt belegg for hevdinga om foreldre-son-slektskap mellom Hans Eriksen og Ingers Jens, så eg lar vel informasjonen stå inntil vidare - sidan eg har ikkje funne noka god kjelde som seier det ikkje er slikt slektskap. Det er med andre ord ei avvegingssak.

...............................................

KJELDER OG TILVISINGAR

Data for Hans Eriksen og Marine Podebusk og andre finn ein ved å søke på namna deira (oppe på sida)

Jens Rostvig og Inger Ugerup er altså omtala i Jens Christian Berg. Gerhard Munthe, J. K. Berg, Rudolph Keyser, G. F. Lundh. Samlinger til det norske folks sprog og historie, Første bind, første hefte, Christinania: Et Samfund, 1833, s. 406. Jens "nævnes som Befalingsmand over Herjedalen, og siges gift med en Inger Ugerup af Sørum." I dei tidene låg Herjedalen under Trondhjem. Jf. fotnoten på sida.

Det er nok tull i oppstillinga, og ikkje berre manglar, men her er ho (tilpasse ut frå lite skjøneleg skrift):

SITAT OR Munthe, Gerhard, mfl. 1833: s 405n

Note 1, s 405:

Der nævnes i de Schønnebøllske Ahner, som også henhørende til Familien Rostvig, en Jens . . . ., som der kaldes Høvedsmand over Herdalen (Herjedalen) og siges gift med Jnger Ugerup af Sørum, hvilke gives en Søn Erik Jensen til Wigstrup i Fyen, gift med Dorthe Rømer, Datter af Otte Remer til Oskeråd [?], Norges Riges Råd og Høvedsmand på Bergenhuus, og Fru Jngeborg Struds. Denne Erik Jensen måtte vel altså, forudsat Rigtigheden af disse Ydnerd [?] Opgivender være Broder af den her anførte Hans Jensen (Rostvig) og hans Frue en Søster til Hr. Nils Henrichsen (Gyldenløwes) Frue Jngerd Ottesdatter [Inger til Austråt].

Samme Erik Jensen og Fru Dorthe Rømer tillægges en Datter Maren Eriksdatter (Rostvig) som blev gift med Erik Hansen af Familien Bernhoft, det og skrives til Vigstrup og opgives at være Søn af en Hans Eriksen, hvis Forældre kaldes Erik Bernhoft og Sigrid Hyttefad af Nøttelstad (i Stange Præstegjæld) på Hedemarken.

Bemeldte Erik Hansen (Bernhoft) siges at have været Borgermester i Middelfart i Fyen og at være af Kong Hans bleven adlet 1503 St. Erik Martors [?] Dag, hvilket da vel må have været at forskaffe ham adelig Rættlighed i Danmark; thi er det anførte rigtigt, må man antage, at hans Fader var fød norsk Adelsmand. Han synes i Våbenet at have ført tre Bjørne-Hoveder, hvilket vel har foranlediget Familiens Navn, og ikke tre Hunde-Hoveder, som der står i Adels Lexicon 1 V. S. 222. Med sin Frue MarenEriksdatter (Rostvig) havde han tre Børn, nemlig . . .

Bemeldte Hans Eriksen (Rostvig) siges i bemeldte Ahner at have ret gift med en Karen Skaktavsil, Datter af Thorbjørn Skaftavl den ældre til Fitnæs [?] på Thoten og Fru Rønnoug Hardingmand; men om hans Frue og var af Familien Skaktavl, synes dog disse med Hensyn til Tiden ikke at have kunnet være hendes Forældre, eftersom denne Thorbern Skaktavl ei døde før 1571.

Note 2, s 405:

Om Find Hansen see Suhms Samlinger 2 B. 2 H. S. 98, 104, 106; Adels = Ler. 1 B. S. 222 og 2 B. S. 126, samt 2 B- S. 71; Huitfeld S. 1316; disse Samlinger S. 83.

- Kjelde: Munthe, Gerhard mfl. Samlinger til det norske folks sprog og historie. Første bind, første hefte. Christiania: Et Samfund, 1833. Google-bok.

- http://books.google.no/books?id=sVpNAAAAcAAJ&pg=PA406&dq=samlinger+til+det+norske+folks+historie+s+406&hl=en&sa=X&ei=LFxUUaWYGIKo4gSTxIB4&redir_esc=y#v=onepage&q=samlinger%20til%20det%20norske%20folks%20historie%20s%20406&f=false

---------------------------------------

HISTORISKE KJELDE: EI LIKPREIKE I NORDLAND:

Likprekener og anetavler 1548-1702: Manderup Pederssøn Skjønnebøll til Bertnes 1682

Adel Utgitt av Adelsprosjektet, redigert av © kane.benkestokk.teiste forlag (Tore Hermundsson Vigerust), Oslo 1988-2002.


Etter Terkel Klevenfeldts kopi i Rigsarkivet, København, Terkel Klevenfeldts samlinger.


I gjengivelsen av teksten er det satt inn avsnitt for lesbarhetens skyld; dessuten er ß i noen tilfeller erstattet med s. Jeg har som utgiver tilføyd noen merknader som er satt i mindre skrift.

Denne Nu Salig Udi Gud,

hensoffuede Erlig oc Welbiurdig Mand Manderup Pederssøn Schiønnebøl til Bertneszgaard, aff Hans Mayt. til dis Welforordned Laugmand offuer Nordland oc Findmarckens Læhne, Hues Liig begiengelse Wij i dag, effter Christelig schich Celebrerer.

Er Barnefød her i Nordland, paa dend Gaard Fordum aff Høyloflig Konninger Perpetueret til Laugmænderis paa dette Stæd frje Residentze Stegen Anno 1603 den 18de May af den ældgamle adelstamme och Welbiurdige ægte Forældre. - Hans Fader, dend Erlig och Welbr: Mand Peder Hansen Schiønnebøl, fordum Laugmand ofuer Nordland och Findmarken. Som och een Rum tid var beordret Jnspectionen, paa Hans Mayts. weigne, med Kongl: Jntraders Clarering af Saltens Læhn. - Hans Moder, Dend Erlig och Welbr: Frue, Frue Guren Grønnou, som var Erlig och Welbr: Mand Christopher Grønnou til Hærrestad i Stavanger Læhn, oc Erlig oc Welbr: Frue, Frv Karen Dal til Lund i Nordland, deris datter.

[heretter i venstre spalte:]

Fæderne Stamme.

Hans Farfader var Erlig och Welbr: Mand Hans Schiønebøl til Herendrup udj Fyen i Danmark.

Hans Farfaders Fader war Erlig och Welbr: Mand Niels Schiønnebøl til Harendrup.

Hans Farfars Moder, var Erlig og Welbr: Frve, Mette Werchman af Otterup.

Hans Farfars Faders Fader, var Erlig och Welbr: Mand Hans Schiønebøl til Harendrup gaard som var Welbr: Herloff Schiønnebøl til Harendrup gaard och Welbr: Fru Zidtzell Nordby af Jerstrup, deris Søn.

Hans far Fars Faders Moder, var Erlig och Welbr: Frue Margrete Schaffuerskoe [Her mangler opplysningen om fru Margrete Schaffuerskoes far] til Tygestrup i Jylland, och Fru Margrete Wendelboe af Egeholm, deris datter.

Hans Farfars Moders Fader, var Erlig och Welbr: Mand Sonner Werchman til Otterup i Siælland som var Welbr: Lauritz Werchman til Outterup, och Welbr: Frue Mette Fevsen af Broeholm, deris Datter.

Hans Farfars Moders Moder, var Erlig och Welbr: Frue, Karen Friis, som war Erlig och Welbr: Mand Hendrich Friis til Ramsøe i Siælland, och Welbr: Frve Birgitte Styge, deris datter.

Hans Fadermoder var Erlig och Welbr: Frve Maren Erichsdatter Bernhofft, af Wixstrup i Fyen.

Hans Farmors Fader var Erlig och Welbr: Mand Erich Hansen Bernhofft, til Wixstrup.

Hans Farmoders Moder var Erlig och Welbr: Frue Maren Erichs datter Rostuig aff Wixstrup i Fyen.

Hans Far Mors Faders Fader, var Erlig och Welbr: Mand, Hans Bernhofft, som var Welbr: Erich Bernhofft oc Welbr: Fru Sigrie Hyttefad af Nøttelsta paa Hedemarchen, deris Søn.

Hans Farmoers Faders Moder var Erlig och Welbr: Frve, Fru Karen Schacktaffuel, som var Welbr: Torben Schachtaffuel dend Eldre til Flenes paa Totten i Oplandene, och Welbr: Fru Rønne Handingman aff Nordby <): Nordvie> [Nordvie tilføyelse over linjen med yngre hånd] paa Hedemarchen, deris datter.

Hans Farmors Moders Fader var Erlig och Welbr: Mand ErichRostvig til Wixstrup, som var Erlig och Welbr: Mand Jens Rostuig, Kongl. [. . . . ] [Her følger et sideskift, der avslutningen med navnet på Erik Rostvigs mor mangler.]

Hans Farmors Moders Moder var Erlig och Welbr: Frue Dorthe Roumer, som var Welbr: Her Otte Rømmer til Østraad, Norgis Riges Raad, och Kongl: Majts. Høffuidzmand paa Bergenhuus och Welbr: Frue Jngebore Strudz, deris Datter.

http://web.archive.org/liveweb/http://www.vigerust.net/tore/adel/likpreken_skjonneboll1682.html

KOMMENTAR: Inger av Austråt var einearving etter Otto Rømer. Det gjer sambandet mellom Dorthe Ottesdatter (Fyn) og Otto Rømer (Bergen og Noreg) meir enn suspekt, meiner Tore H. Vigerust.

- Kinnes

0 Comments|78 Views|View full article
Other:Litt gardshistorie hentet hos Tormod Kinnes og Ivar Bakke
Posted by: Terje Alfheim on Oct 30 2012 14:56

UTFYLLANDE: SLEKT FRÅ GARDEN SOLEND PÅ RADØY

Mor til Iver Halvorsen Perhusbakken (farfar) kom frå garden Søre Solen(d) (gardsnummer 48, bruksnummer 2, Myren) i Radøy kommune. Her er denne slektslinja mellom anna tilfang frå Solend, i form av klipp frå Anders Hauglands. Radøy gjennom tidene, 3. bd, s 341 og utetter for gardsnr. 47-48. Slekt i direkte linje er undstreka, med store bokstavar, og no og då med feit skrift, så det går lettare å finne fram.


SOLEND
Solend ligg nordaust for Manger sentrum, med busetnad på begge sidene av riksvegen inn mot kommunesenteret. På den nordvestre sida av riksvegen ligg Nordre Solend (gardsnr. 47), og på den søraustre sida ligg Søre Solend (gardsnr. 48). Begge er gamle matrikkelgardar som er delte opp i fleire gardsbruk. I tillegg finst her ein del frådelte hustomter.

Før 1550: Frå fangstfolk til fastbuande bønder. Nordre Solend kjem under presten og Søre Solend under lesemeisteren
Ei klubbe av kleberstein og eit bryne er begge funne på Nordre Solend og daterte til steinalderen. Dei fortel at steinalderfolket heldt til langs strendene {s 341] her etter istida, den tid strandlina stod fleire meter høgare enn no. Dette var fangstfolk, som truleg levde eit heller omflakkande liv langs strendene. I alle høve var det lenge før dei første fastbuande bøndene slo seg til her, for å rydja åker og eng og byggja seg ein gard.
Dette kan ha skjedd i den store landnåmstida eit par hundre åra etter Kristi fødsel, kanskje i åra mellom 300 og 500 etter vår tidsrekning. Då var det så mange gardar som var rydja her vest. Solend når ikkje til sjøen, men hadde frå gammalt av rett til å ha naust under Manger. Kanskje vart garden rydja derifrå, ved ei utflytting frå Manger.
Seinare vart garden delt i to jamstore lutar, Nordre og Søre Solend. Dette kan ha skjedd alt i vikingtida (800 – 1050 e.Kr.), eventuelt litt seinare.
Namnet er gjerne like gammalt som garden, og dermed ikkje så enkelt å tyda sikkert. Men dei gamle namneforskarane Oluf Rygh og Magnus Olsen meinte at førsteleden kan koma av ordet sol, "da begge Gaarde ligge aabent mod Solen". Endinga -und rekna dei som ei såkalla avleiingsending. Slike endingar finn me i mange stadnamn og har inga bestemt tyding.
Garden er nemnd første gongen i den kyrkjelege jordeboka Bergens Kalvskinn, som skal vera skriven kring 1360 men som byggjer på ei litt eldre kjelde frå tidleg på 1300-talet. Då er namnet skrive i genitivsforma Solander. Seinare er garden nemnd fleire gonger utetter på 1500-talet, som Solende (1519), Solunde (1563), Soleim og Solomm (1567).
Alt då var nok d-en i ferd med på bli stum, og namnet uttala Solun og seinare Solen. Slik vert namnet uttala den dag i dag. Men i skriftleg form tek me med den bortfallne d-en, som i Helland.
Den gamle jordeboka frå 1300-talet fortel at ein del av Solend var komen under presten. Det vil seia at jorda høyrde til det såkalla prestebolet, her presteembetet på Manger. Dermed vart Solend-bonden presten sin leiglending, og han skulle gje den årlege jordleiga (landskylda) til presten på Manger. Dette vart ein del av prestelønn.
Men dette galdt berre Nordre Solend. Dei store jordebøkene frå tidleg 1600-talet fortel at det berre var denne nordre parten som låg til presten i Manger.
Søre Solend låg derimot til Lektoratet i Bergen, ofte omtala som Lesemeisteren. Dette lektoratet var ein institusjon som gjekk tilbake til den katolske kyrkja. Det vart omorganisert etter reformasjonen i 1537 og spela ei viktig rolle, særleg innan teologisk utdanning.

1550 - 1710: Frå to til åtte gardsbruk. Solend får sitt noverande bruksmønster
Midt på 1500-talet vart Nordre Solend delt i to gardsbruk, som truleg var jamstore. Denne todelinga kom til å stå ved lag i halvtanna hundre år, til sommaren 1696. Då var bonden Jon Knutsen død, og enkja gifte seg opp att med Jens Olsen Dalland, som straks tok over halve gardsbruket hennar. Denne halvparten tilsvarer det noverande bruksnr. 4. Den andre halvparten fekk Jon sin son, Knut Jonsen Solend (som fekk bruksnr. 3).
Ikkje lenge etter vart den andre halvparten delt i to jamstore bruk. Det skjedde kring 1710, då bonden Ivar Jensen gav halve bruket ifrå seg til Jens. {s 343] . . . medan Ivar vart sitjande att med bruksnr. 1.
1 1710 hadde Nordre Solend den bruksdelinga me kjenner i dag, med fire nokså jamstore gardsbruk. På Søre Solend byrja delinga noko seinare, 1617 eller -18. Då delte Johannes og Knut Gudmundsen garden imellom seg.
1 1646 vart Knut sitt gardsbruk [nr 3] delt på nytt, slik at Knut vart sitjande att med halve bruket, medan ein Hans Ellingsen tok over den andre halvparten. Desse to bruka var like store og utgjorde dermed kvar sin fjerdepart av Søre Solend.
Nokre år tidlegare, kring 1635, var den andre halvdelen av Søre Solend delt likt mellom Jens og Magne Olsen. Dermed kan den såkalla skattematrikkelen i 1647 fortelja om fire gardsbruk, som med eitt unntak var jamstore. Seinare kjelder fortel om fire like store bruk.
Mellom 1665 og 1690 er det få skrivne kjelder som kan fortelja kven som hadde dei ulike gardsbruka. [Men etter] 1690 . . . kan me setja opp sikre brukarliner for kvart av dei fire gardsbruka på Søre Solend.
I alle høve var det blitt folksamt på Solend, ikkje minst på den søre parten. Her levde mange tett saman, i kvardag og fest. Dessverre er det helst dei mindre hyggelege sidene me får innsyn i gjennom tingbøkene.

1710 – 1850: Åtte leiglendingsbruk under prestebol og lektorat
Den omfattande garddelinga i den føregåande perioden hadde gjeve den bruksdelinga me i store trekk kjenner den dag i dag. Rett nok vart det eine gardsbruket på Søre Solend delt i to jamstore bruk, etter ei deling mellom to brør i 1840. Dette gav bruksnr. 1 og 2, begge med namna Myræ (Myren).
Framleis var bøndene leiglendingar. På Nordre Solend gav dei den årlege landskylda til presten i Manger, og på Søre Solend gav dei landskylda til Lektoratet. I siste halvdelen av 1700-talet er rett nok Seminarium Fridericianum oppførd som jordeigar på Søre Solend, og seinare Kathedralskolen i Bergen. Men i hovudsak var dette den same institusjonen, som hadde endra namn og innhald. {s 345]
Frå 1835 til -45 selde katedralskulen alle gardsbruka på Søre Solend til oppsitjarane. Leiglendingstida var slutt.
Snart skjedde det same på Nordre Solend. Den gamle prestebolsjorda var seld ved "Kongeligt Skjøde" til oppsitjarane, dei første i 1847. Men det var nok ikkje alle som var så huga på å investere i jordekjøp. På bruksnr. 2 sat enkja Turid. Ho dreiv garden i mange år, med god hjelp frå sønene. Først då sonen Jakob tok over garden, i 1877, vart den gamle prestebolsjorda løyst inn.
Gardsdrifta var framleis tradisjonsbunden, med små endringar. Rett nok var poteta komen til gards sist på 1700-talet. Og korndyrkinga hadde auka ein god del . . .
Men framleis hausta dei mest alt vinterfôret i utmarka, først og fremst gras og lyng . . .

1850 –1950: Nye driftsformer og minnelege utskiftingar
Åkerbruket auka sterkt utetter 1800-talet. Samstundes auka hestetalet. Det heng saman med ei viss mekanisering. På åkeren vart spaden og riva i stor grad bytta ut med hest, plog og harv.
Men då trongst det litt større åkrar enn dei gamle åkerlappene, i gamle dokument gjerne omtala som "agerflæk". Desse vart no brotne saman til større åkerteigar. Men den gamle teigblandinga sette sine tronge grenser for dette. Det såg bøndene på Solend tidleg. Dei vart tidleg samde om minnelege utskiftingar. {s 347]
Alt i 1829 gjennomførte bøndene på Søre Solend ei slik minneleg utskifting. Mellom kvart av gardsbruka vart det no drege greie grenseliner, "saa at enhver af disse Opsiddere har faaet deres jordebrug udi et samlet Stykke, samt at alt Fællesskab mellem dem er hævet, saavel af Ager som Eng". Denne delinga sa alle oppsitjarane seg nøgde med.
Noka flytting av husa var det ikkje snakk om, og i den grad dette trongst, vart nok dette teke over tid, når nye hus måtte byggjast til erstatning for dei gamle. Seinare utskiftingskart viser i alle høve at kvar bonde hadde husa sine på sin eigen teig.
I 1847 gjorde oppsitjarane på Nordre Solend nett det same: Dei skifta ut heile garden ved ei minneleg utskifting. Også her vart gardsbruka delte inn i samanhengande teigar.
Knapt 80 år seinare gjekk Nordre Solend igjennom ei ny utskifting. Denne tykkjest helst å ha vore ei justering av den eldre utskiftinga. Under og etter krigen vart det gjennomført ei tilsvarande utskifting på Søre Solend, også her med endringar av grenselinene.
Framleis var jordbruket den klart viktigaste næringa på Solend, med fiske som ei viktig sidenæring. Skildringa av Helleman og Amalia sitt jordbruk året før krigsutbrotet gjev nok eit dekkande bilete av eit gardsbruk på Solend, slik det går fram av jordbruksteljinga i 1939: På garden sin dyrka dei fire mål havre og like mange mål poteter, og dei hadde ein hage med sju eple- og plommetre og eit trettitala bærbuskas av rips, stikkelsbær og solbær. Buskapen deira talde ein hest med føl, fem mjølkekyr med ein kalv og eit tjuetall {s 348] sauer og lam, og elles var der ein flokk høner med kyllingar. Av gardsreiskapar er det rekna opp ein slåmaskin, ei tohjuls arbeidskjerre og ei høyvogn.
Framleis var det slik at garden oftast gjekk frå far til son, med kår til den eldre generasjonen, som då Rasmus tok over heimegarden i 1881. Men då sat framleis besteforeldra som kårfolk på garden. Så Rasmus kunne ikkje gje dei vanlege kårytingane. I staden skulle han få "ved vort Bord den fornødne Føde og Ophold samt tilstrækkelige Klæder samt Pleie og Tilsyn". Dessutan kunne han fritt bruka åkeren Flatåkeren, "mod at han arbeider med oss paa Gaarden efter som han dertil føler sig istand".
Men nye tider var i emning. Det kjem klårt fram ved den tragiske ulykka utpå ettersommaren 1929. Då vart den 24 år gamle Mons Jakobsen Solend overkjørt av dokterbilen. Han døydde av "Lungeblødning forårsaket ved automobiloverkjørsel". {s 349]
0 Comments|62 Views|View full article
Genealogy:DNA-et til bror min og meg
Posted by: Tormod Kinnes on May 16 2012 06:48

JASMINE-MUTANTAR ER VI

No har det kome svar frå DNA-test eg tok for å finne ut meir om anane frå mor, mormor, mormors mor, mormors mormor og vidare i ei lang rekke tilbake til sørvest-Arabia eller Kausasus, sånn cirka. Det som har kome fram enn så lenge er:

  • Vi er mutantar, vi - [Spøk] -
  • med slekt i Arabia og/eller Kaukasus, berre ein går langt nok. "Slekt er slekt", heiter det.

I teknisk sjargong:

mtDNA (mitokondrisk DNA, altså morsside-genar), målte resultat: Haplogroup J

Mutations: HVR1 DIFFERENCES FROM rCRS: 16069T og 16126C

UTLEGGING. Wikipedia har fint forståelig stoff om oss som har felles stammor (i haplogruppe J, med genearv som verkar i sønene til mor vår, søskena hennar, mor hennar, og vidare på morssida frå mor til mor. Mange i Karlsen og Breivik-slekta er med i same haplogruppa som bror min og meg, sidan det som heiter mtDNA (mitokondrisk DNA) blir overført langs morslinja til barn av begge kjønn.

------------------------------------------------

J-HAPLOGRUPPA

Forskarar har om lag slik oppfatning no: J-haplogruppa [ei genetisk gruppe med felles stammor] starta om lag 45 000 år sidan, enten i Midt-Austen eller Kaukasus. J-en er frå kvinnenamnet Jasmine, som gruppa fekk "forært". J-linja muterte vidare, og ein har innsirkla stipuleringar av kva for tusenår ulike muteringar fann stad. Og J-haplogruppa heng saman med folk som innvandra til Europa og utvikla gardbruk og gjeting i steinalderen (for 8 000-10 000 år sidan).

I Europa er det i snitt 2% av befolkninga som ber mtDNA; prosentvis flest i Irland (12%) og Storbritannia (ca 10%). Vidare:

Tyskland — 7%, Russland (Europeisk del) — 7%, Island — 7%, Austerrike-Sveits — 5%, Finlnand-Estland — 5%, Spania-Portugal — 4%, Frankrike-Italia — 3%

[Frå Wikipedia, s.v. "Haplogroup J (mcDNA)"]

------------------------------------

- Tilfanget er frå engelsk Wikipedia. Artiklane bak dette her er "Haplogroup", "Haplogroup J (mtDNA)", "Haplogroup J", "Human mitochondrial DNA haplogroup".

- Tormod


0 Comments|63 Views|View full article
Genealogy:Bidragskjelder
Posted by: Tormod Kinnes on Feb 12 2012 07:59

Time fliesI tillegg til bror Ivar, har desse gitt bidrag:

Ann Kristin Moland har gitt nyttig om etterkomarane av Karl og Harriet Stavseth

Randi Kvasnes: data om slektslinja til eine broren til morfar.

Ranveig Stavset om Bakkenslekt

Randi Bokn: Bakkenslekt

Lars Martin Fugledal, gift med enkja etter Terje Melsether: mykje sentralt stoff om Luster-folk i slekta fleire hundreår tilbake. Takk!

Jenny Ingebriktsen har retta feil for eine dottera si.

Berit Bakken har gitt ein fødselsdato for ein av sønene til Lars Jonasson og Tomasine, og frå sin eigen familie.

Terje Alfheim, slekt eit stykke ute, har funne fleire datoar frå Radøy-kanten og Lindås i Hordaland.

Geir Wulff har fått mykje å vite om Karlsen-familien til ei bygdebok. Han har gitt nyttige tilbakemeldingar...

0 Comments|97 Views|View full article
Genealogy:Farfarsida frå Øygarden og Radøy
Posted by: Tormod Kinnes on Jan 31 2012 14:09

SLEKT FRÅ RADØY OG ØYGARDEN - MEST FRÅ RADØY

Farfar, Iver Halvorsen Perhusbakken, seinare stutta til Bakken, flytta nordetter ifrå Perhusbakken i Hjelme sokn på Seløyna i Nord-Hordaland og slo seg først ned i Ålesund, dernest på Hoff på Ellingsøya i Borgund, og til sist i Spjelkavik, Borgund, der kona hans kom frå.

Far til farfar, Halvor Rasmussen, voks opp på garden Perhusbakken, mens mor hans, Marta Olsdatter, kom frå garden Solen søndre (no: Søre Solend) i Manger. Det er rundt 15 km i luftlinje frå Seløyna til tettstaden Manger, rett austover over fjord, til Radøya i Radøy kommune. Oldemor kom frå garden Søre Solend tett ved Manger i Radøy. Annan, eldre skrivemåte: Solen.

Farfars farfar, Rasmus Hansen Floen, var opphavleg frå garden Haugland i Radøy, og gifte seg med Anna frå garden Vågstaule i Sæbø sokn på Radøy. Far hans igjen, Hans Knutsen, var frå garden Bø i Radøy. Han gifte seg med Brita frå Villanger i Radøy. Og far hans, Knut Henriksen Bø, var frå garden Bø i Radøy, og gifte seg med Eli frå garden Haugland i Radøy. Faren til Knut, Henrik Knutsen Hella, var frå garden Uthella i Radøy. Kor Mari, kona, var frå, finst kanskje ingen opplysningar om.

Denne oversikta gjeld berre for greina ifrå farfar frå Radøy-kanten. Det står mykje meir om dei fleste og mange andre frå Radøy under "vis profil" for kvar enkelt par.

GAMLE MANGER PRESTEGJELD

Manger er i dag både sentrum i Radøy kommune, sokn og prestegjeld. Prestegjeldet Manger høyrer til Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja, femnar i dag same område som Radøy kommune, og er delt inn i tre sokn; Hordabø, Manger og Sæbø. Dei fire sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø blei i si tid delt ifrå til eigne heradskommunar, men ved kommunesamanslåinga i 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune saman med kommunane Sæbø og Hordabø.

Hjelme sokn, som Perhusbakken-folket blant anane høyrde til, var med i Manger prestegjeld då farfar var ung, men Hjelme er i dag eit sokn i Øygarden prestegjeld. Fram til 1912 var namnet Hjelmen. Då blei det endra til Hjelme. Ved kommunesamanslåing i 1964 gjekk Hjelme kommune saman med ein del av Herdla kommune og blei den nye Øygarden kommune.

Ættebok for Øygarden

Jahn Alfred Sjursen har skrive og gitt ut Ættebok for Nordre Øygarden (Bergen, eige forlag, 1983). I innleiinga står det:

"Skrive ættebok uten feil, er ikke mulig.
Da de eldste kirkebøkene fra Manger gikk opp i flammer, da prestegården brente 6.3. 1759 er det vanskelig å finne noe fra denne tiden.
. . .
Da det var mange som flyttet bosted innen Øygarden, er det mange personer som har brukt flere etternavn.
Etternavn var som regel navnet på det stedet de var bosatt. I denne bok er personene oppskrevet med det navn de har ved dåp eller giftermål.
Stedsnavnene i Øygarden har også mange steder forandret seg . . .

I denne bok er der også bare hele årstall, og ingen dato.
På arkivkortene er der også dato samt dødsårsak på de fleste. Personarkivet er oppbevart ved Øygarden Bibliotek Rong, og en kan gå der å se om en ønsker. . . " {s. 5]

Perhusbakken i Ættesoge for Nordre Øygarden,

- av Jahn Alfred Sjursen (Bergen, eige forlag, 1983, s. 217-220).

Kodar som er brukte: gm = gardmann g = gift med

Direkte anar er understreka, men ikkje all slekt:

-----------------

Perhusbakken

1. HANS AMUNDSEN KVALSUND 1747-1820.
g. 1783 Agathe Hansd. Lyngøy
2. g. 1820 Marie Halversd. N. Sæle 13a. 1783-1845.
Barn
a. Kristi 1784

2. MONS INGEBRIGTSON VAAGENES 1779
gm.
g. 1851 enke Anna Olsd. Perhusbakken 3.

3. RASMUS HANSSON FLOEN 1781-1849.
gm. Anne Iversd. Hauland 1784-1846.
g. 1847 enke Anne Olsd. Haugland 1799-
Barn
a. Alith Bertine 1816-1841
b. Jan 1815-1818
c. Johannes 1819-19
d. Kari 1820
e. Iver 1824-1850
f. Halver 1826- Perhusbakken 10.
Q. Ananias 1830- Svellingen 6.

4. SIVERT HALVORSON HELLESØY 5c. 1790-1821.
gm
Helge Hansd. Stekken Eide. 1786-1840. [Skal vel vere Helga. TK]

Se Lyngøy 11.

5. JOHANNES NILSSON TOSKE 1796-1850.
g. 1823 enke Helge Hansd. Lyngøy 11.
g. 1841 Ragnilde Eliasd. Hjelme 17c. 1797-
Barn
a. Ingeborg 1824-1863 Alvheim 58-64.
b. Agathe 1830-
c. Agathe Hansine 1833- Breivik 50.

6. JACOB JOHANNESSON ASK. 1801-
g. 1835 enke Sigrid Michelsd.

8. JOHANNES ENDRESON TORSVIK 37d. 1806-1856.
g. 1852 enke Ragnhilde Eliasd. Perhusbakken 5. s 218}


9. HENRIK JOHANNESSON KVALHEIM 1811-
g. 1835 Kari Sjursd. Lyngøy 11a. 1815-1849.
Barn
a. Hans 1835- Svellingen 8.
b. Siri 1840
c. Helge Johan 1843-1843
Kari død av colera.

10. HALVOR RASMUSSSON PERHUSBAKKEN 3f. 1826-1885.
g. 1847 Gunilde Aadsd. Nordøy 5d. 1821 –
g. 1872 Marte Olsd. Solem 1844-
Barn
a. Andreas 1847-1848
b. Inger 1848-1849
c. Anne Andrine 1849-
d. Rasmus Andreas, 1850- Perhusbakken 14.
e. Inger 1854-
f. Anders 1857-
g. Andrine Marie 1860-
h. Halver 1862-
i. Anton 1865- Perhusbakken 17.
j. Karl Gunel 1872-1927 Perhusbakken 18.
k. Olai 1875-
l. Ivar Andreas 1877-
m. Iver 1880-
n. Anna Kristine 1882-
o. Helemand Martin 1886-1915 Perhusbakken 20.

13. OLE GUDMUNDSON SOLEM 1844-
g. 1873 Martha Nilsd. Fjeldstad 48d. 1839-
Barn
a. Ole 1873
b. Ole Martin 1875
c. Marie 1877-1959 Knarvik 22.
d. Anna 1879
e. Bertin 1881-1965 Nesse 80.

14. RASMUS ANDREAS HALVORSON PERHUSBAKKEN 10d. 1850-
g. 1876 Berte Pedersd. Sanden 20. 1851-
Barn
a. Gurina Bertina 1877- Perhusbakken 22.
b. Anna Maria 1879-1894 ugift
e. Marius Olai 1882- Perhusbakken 23.
d. Ingeborg 1884-

Barn b. var tjenestejente på Tursvik.
Omkom på sjøen og fantes ikke igjen.

s 219}
15. IVER JOHANNESSON NORDVIK 7f. 1854-1930.
g. 1884 Berte Karine Halvorsd. N. Sæle 55e. 1861-1937
Barn
a. Ingeborg Marie 1885-1960 Alvheim 95.
b. Halvor Bertin 1886- Perhushakken 21.
e. Karina Oliva 1888-1962 Naustdal 2.
d. Joakim 1891-
e. Berte Martine 1895-
f. Marie 1897-1900
g. Martin Olai 1902-1904

16. NILS MARTINUSSON N. Sæle 69a. 1857
g. 1887 Marte Iversd. N. Sæle 61c. 1861-
Barn
a. Karen Marie 1888-
b. Kornelius Olai 1890-
c. Anne Karine 1892-
d. Ingeborg Oline 1895-
e. Martin Johan 1897-
f. Nikolai 1900-
g. Ragnvald Gustav Kornelius 1903-
h. Marius Bertin 1906-

17. ANTON HALVORSON PERHUSBAKKEN, ],f)i. 1865
g. 1891 Marte Malene Olsd. Hellesund 23b. 1867-

18. KARL HALVORSON PERHUSBAKKEN 10j. 1872-1927.
gm. Rakel Johnsd. 1877-1915.
Barn
a. Olaf Joakim 1899-1919
b. Jonas Severin 1902-1982
c. Helemand Mikal 1903-1976
d. Steffine Helena 1905-
e. Konrad Georg Rolf 1907-1957
f. Astrid 1909-1909
g. Anton 1911-1925
h. Klara 1913-1969

20. HELLEMANN MARTIN HALVORSON PERHUSBAKKEN 101. 1882-1915.
gm. Petrika Pedersd. Knarvik 8d. 1883-
Barn
a. Olga Pauline 1909
b. Hilda Pernilla

s 220}
21. HALVOR BERTIN IVARSON PERHUSBAKKEN 15b. 1886-
g. 1908 Synneva Olina Ananiasd. Fauskanger 1886-

22. JØRGEN LANGELAND NIELSEN HEGGHOLMEN 30. 1878-
g. 1902 Gurine Bertine Andreasd. Perhusbakken 14a. 1877-
Barn
a. Agnes Janikke 1903-
h. Solveig Ingeborg 1905-

23. MARIUS OLAI RASMUSSON PERHUSBAKKEN 14c. 1882-
gm. Bergitte Pedersd. 1882-
Barn
a. Betsy Alvilde 1905-
b. Peder Gustav 1906-

UTFYLLANDE: SLEKT FRÅ GARDEN SOLEND PÅ RADØY

Mor til Iver Halvorsen Perhusbakken (farfar) kom frå garden Søre Solen(d) (gardsnummer 48, bruksnummer 2, Myren) i Radøy kommune. Her er denne slektslinja mellom anna tilfang frå Solend, i form av klipp frå Anders Hauglands. Radøy gjennom tidene, 3. bd, s 341 og utetter for gardsnr. 47-48. Slekt i direkte linje er undstreka, med store bokstavar, og no og då med feit skrift, så det går lettare å finne fram.


SOLEND
Solend ligg nordaust for Manger sentrum, med busetnad på begge sidene av riksvegen inn mot kommunesenteret. På den nordvestre sida av riksvegen ligg Nordre Solend (gardsnr. 47), og på den søraustre sida ligg Søre Solend (gardsnr. 48). Begge er gamle matrikkelgardar som er delte opp i fleire gardsbruk. I tillegg finst her ein del frådelte hustomter.

Før 1550: Frå fangstfolk til fastbuande bønder. Nordre Solend kjem under presten og Søre Solend under lesemeisteren
Ei klubbe av kleberstein og eit bryne er begge funne på Nordre Solend og daterte til steinalderen. Dei fortel at steinalderfolket heldt til langs strendene {s 341] her etter istida, den tid strandlina stod fleire meter høgare enn no. Dette var fangstfolk, som truleg levde eit heller omflakkande liv langs strendene. I alle høve var det lenge før dei første fastbuande bøndene slo seg til her, for å rydja åker og eng og byggja seg ein gard.
Dette kan ha skjedd i den store landnåmstida eit par hundre åra etter Kristi fødsel, kanskje i åra mellom 300 og 500 etter vår tidsrekning. Då var det så mange gardar som var rydja her vest. Solend når ikkje til sjøen, men hadde frå gammalt av rett til å ha naust under Manger. Kanskje vart garden rydja derifrå, ved ei utflytting frå Manger.
Seinare vart garden delt i to jamstore lutar, Nordre og Søre Solend. Dette kan ha skjedd alt i vikingtida (800 – 1050 e.Kr.), eventuelt litt seinare.
Namnet er gjerne like gammalt som garden, og dermed ikkje så enkelt å tyda sikkert. Men dei gamle namneforskarane Oluf Rygh og Magnus Olsen meinte at førsteleden kan koma av ordet sol, "da begge Gaarde ligge aabent mod Solen". Endinga -und rekna dei som ei såkalla avleiingsending. Slike endingar finn me i mange stadnamn og har inga bestemt tyding.
Garden er nemnd første gongen i den kyrkjelege jordeboka Bergens Kalvskinn, som skal vera skriven kring 1360 men som byggjer på ei litt eldre kjelde frå tidleg på 1300-talet. Då er namnet skrive i genitivsforma Solander. Seinare er garden nemnd fleire gonger utetter på 1500-talet, som Solende (1519), Solunde (1563), Soleim og Solomm (1567).
Alt då var nok d-en i ferd med på bli stum, og namnet uttala Solun og seinare Solen. Slik vert namnet uttala den dag i dag. Men i skriftleg form tek me med den bortfallne d-en, som i Helland.
Den gamle jordeboka frå 1300-talet fortel at ein del av Solend var komen under presten. Det vil seia at jorda høyrde til det såkalla prestebolet, her presteembetet på Manger. Dermed vart Solend-bonden presten sin leiglending, og han skulle gje den årlege jordleiga (landskylda) til presten på Manger. Dette vart ein del av prestelønn.
Men dette galdt berre Nordre Solend. Dei store jordebøkene frå tidleg 1600-talet fortel at det berre var denne nordre parten som låg til presten i Manger.
Søre Solend låg derimot til Lektoratet i Bergen, ofte omtala som Lesemeisteren. Dette lektoratet var ein institusjon som gjekk tilbake til den katolske kyrkja. Det vart omorganisert etter reformasjonen i 1537 og spela ei viktig rolle, særleg innan teologisk utdanning.

1550 - 1710: Frå to til åtte gardsbruk. Solend får sitt noverande bruksmønster
Midt på 1500-talet vart Nordre Solend delt i to gardsbruk, som truleg var jamstore. Denne todelinga kom til å stå ved lag i halvtanna hundre år, til sommaren 1696. Då var bonden Jon Knutsen død, og enkja gifte seg opp att med Jens Olsen Dalland, som straks tok over halve gardsbruket hennar. Denne halvparten tilsvarer det noverande bruksnr. 4. Den andre halvparten fekk Jon sin son, Knut Jonsen Solend (som fekk bruksnr. 3).
Ikkje lenge etter vart den andre halvparten delt i to jamstore bruk. Det skjedde kring 1710, då bonden Ivar Jensen gav halve bruket ifrå seg til Jens. {s 343] . . . medan Ivar vart sitjande att med bruksnr. 1.
1 1710 hadde Nordre Solend den bruksdelinga me kjenner i dag, med fire nokså jamstore gardsbruk. På Søre Solend byrja delinga noko seinare, 1617 eller -18. Då delte Johannes og Knut Gudmundsen garden imellom seg.
1 1646 vart Knut sitt gardsbruk [nr 3] delt på nytt, slik at Knut vart sitjande att med halve bruket, medan ein Hans Ellingsen tok over den andre halvparten. Desse to bruka var like store og utgjorde dermed kvar sin fjerdepart av Søre Solend.
Nokre år tidlegare, kring 1635, var den andre halvdelen av Søre Solend delt likt mellom Jens og Magne Olsen. Dermed kan den såkalla skattematrikkelen i 1647 fortelja om fire gardsbruk, som med eitt unntak var jamstore. Seinare kjelder fortel om fire like store bruk.
Mellom 1665 og 1690 er det få skrivne kjelder som kan fortelja kven som hadde dei ulike gardsbruka. [Men etter] 1690 . . . kan me setja opp sikre brukarliner for kvart av dei fire gardsbruka på Søre Solend.
I alle høve var det blitt folksamt på Solend, ikkje minst på den søre parten. Her levde mange tett saman, i kvardag og fest. Dessverre er det helst dei mindre hyggelege sidene me får innsyn i gjennom tingbøkene.

1710 – 1850: Åtte leiglendingsbruk under prestebol og lektorat
Den omfattande garddelinga i den føregåande perioden hadde gjeve den bruksdelinga me i store trekk kjenner den dag i dag. Rett nok vart det eine gardsbruket på Søre Solend delt i to jamstore bruk, etter ei deling mellom to brør i 1840. Dette gav bruksnr. 1 og 2, begge med namna Myræ (Myren).
Framleis var bøndene leiglendingar. På Nordre Solend gav dei den årlege landskylda til presten i Manger, og på Søre Solend gav dei landskylda til Lektoratet. I siste halvdelen av 1700-talet er rett nok Seminarium Fridericianum oppførd som jordeigar på Søre Solend, og seinare Kathedralskolen i Bergen. Men i hovudsak var dette den same institusjonen, som hadde endra namn og innhald. {s 345]
Frå 1835 til -45 selde katedralskulen alle gardsbruka på Søre Solend til oppsitjarane. Leiglendingstida var slutt.
Snart skjedde det same på Nordre Solend. Den gamle prestebolsjorda var seld ved "Kongeligt Skjøde" til oppsitjarane, dei første i 1847. Men det var nok ikkje alle som var så huga på å investere i jordekjøp. På bruksnr. 2 sat enkja Turid. Ho dreiv garden i mange år, med god hjelp frå sønene. Først då sonen Jakob tok over garden, i 1877, vart den gamle prestebolsjorda løyst inn.
Gardsdrifta var framleis tradisjonsbunden, med små endringar. Rett nok var poteta komen til gards sist på 1700-talet. Og korndyrkinga hadde auka ein god del . . .
Men framleis hausta dei mest alt vinterfôret i utmarka, først og fremst gras og lyng . . .

1850 –1950: Nye driftsformer og minnelege utskiftingar
Åkerbruket auka sterkt utetter 1800-talet. Samstundes auka hestetalet. Det heng saman med ei viss mekanisering. På åkeren vart spaden og riva i stor grad bytta ut med hest, plog og harv.
Men då trongst det litt større åkrar enn dei gamle åkerlappene, i gamle dokument gjerne omtala som "agerflæk". Desse vart no brotne saman til større åkerteigar. Men den gamle teigblandinga sette sine tronge grenser for dette. Det såg bøndene på Solend tidleg. Dei vart tidleg samde om minnelege utskiftingar. {s 347]
Alt i 1829 gjennomførte bøndene på Søre Solend ei slik minneleg utskifting. Mellom kvart av gardsbruka vart det no drege greie grenseliner, "saa at enhver af disse Opsiddere har faaet deres jordebrug udi et samlet Stykke, samt at alt Fællesskab mellem dem er hævet, saavel af Ager som Eng". Denne delinga sa alle oppsitjarane seg nøgde med.
Noka flytting av husa var det ikkje snakk om, og i den grad dette trongst, vart nok dette teke over tid, når nye hus måtte byggjast til erstatning for dei gamle. Seinare utskiftingskart viser i alle høve at kvar bonde hadde husa sine på sin eigen teig.
I 1847 gjorde oppsitjarane på Nordre Solend nett det same: Dei skifta ut heile garden ved ei minneleg utskifting. Også her vart gardsbruka delte inn i samanhengande teigar.
Knapt 80 år seinare gjekk Nordre Solend igjennom ei ny utskifting. Denne tykkjest helst å ha vore ei justering av den eldre utskiftinga. Under og etter krigen vart det gjennomført ei tilsvarande utskifting på Søre Solend, også her med endringar av grenselinene.
Framleis var jordbruket den klart viktigaste næringa på Solend, med fiske som ei viktig sidenæring. Skildringa av Helleman og Amalia sitt jordbruk året før krigsutbrotet gjev nok eit dekkande bilete av eit gardsbruk på Solend, slik det går fram av jordbruksteljinga i 1939: På garden sin dyrka dei fire mål havre og like mange mål poteter, og dei hadde ein hage med sju eple- og plommetre og eit trettitala bærbuskas av rips, stikkelsbær og solbær. Buskapen deira talde ein hest med føl, fem mjølkekyr med ein kalv og eit tjuetall {s 348] sauer og lam, og elles var der ein flokk høner med kyllingar. Av gardsreiskapar er det rekna opp ein slåmaskin, ei tohjuls arbeidskjerre og ei høyvogn.
Framleis var det slik at garden oftast gjekk frå far til son, med kår til den eldre generasjonen, som då Rasmus tok over heimegarden i 1881. Men då sat framleis besteforeldra som kårfolk på garden. Så Rasmus kunne ikkje gje dei vanlege kårytingane. I staden skulle han få "ved vort Bord den fornødne Føde og Ophold samt tilstrækkelige Klæder samt Pleie og Tilsyn". Dessutan kunne han fritt bruka åkeren Flatåkeren, "mod at han arbeider med oss paa Gaarden efter som han dertil føler sig istand".
Men nye tider var i emning. Det kjem klårt fram ved den tragiske ulykka utpå ettersommaren 1929. Då vart den 24 år gamle Mons Jakobsen Solend overkjørt av dokterbilen. Han døydde av "Lungeblødning forårsaket ved automobiloverkjørsel". {s 349]

Etter 1950: Nye driftsformer og nye tilbod
Etter krigen skifta jordbruket karakter, frå ein allsidig produksjon som først og fremst skulle sikra sjølvberging for folket på garden, til eit spesialisert jordbruk som produserte for sal. Korndyrkinga var ikkje lenger rekningssvarande, og tok heilt slutt etter krigen. Kjøt og mjølk vart dei viktigaste produksjonane, for leveranse til slakteri og meieri.
Etter kvart tok traktoren over for hesten, og det kom fôrhaustar på dei fleste jordene. Slik sett vart arbeidet lettare. Men rasjonaliseringa gjorde òg at det vart mindre arbeid å gjera kringom på gardane.
Særleg i dei siste tiåra har utviklinga skote fart, her som på dei fleste gardane. Men framleis vert gardsbruka drivne, dels av bønder i nabolaget, På Søre Solend er det bygd opp ein rideskule i dei seinare åra, med mange hestar på stallen. Det fortel om ei ny tid med nye måtar å bruka gamle marker, der fritidstilboda spelar ei stadig viktigare rolle.
I denne perioden er det blitt skilt ut ei og anna tomt til nye hus. Og nærleiken til kommunesenteret gjer at det er kort veg til arbeidsplassar, barnehage og skule og mange slags servicetilbod. Dette er avgjort med på å tryggja busetnaden på Solend. {s 350]

[Og så gjer vi eit hopp:]

Folket på Søre Solend
Før 1600: Ikkje råd å skilja mellom Søre og Nordre Solend. 1600 –1690: Ikkje råd å skilja mellom gardsbruka.


Bruksnr. I og 2 Myren – Myræ
66. ANDERS OLSEN f.kr. 1660, d. 1737 på Solend, er nemnd bonde på Solend første gongen i 1691. I eit militært manntal i 1704 får me opplyst at han var fødd i Sogn.
I 1711 betalte Anders skoskatt for kona og eit barn. Me kjenner ikkje namnet på kona hans men derimot på fem born:

a. RASMUS f.kr. 1696, sjå nedanfor.
b. Amund f.kr. 1698, oppheldt seg på krigsskipet Havfruen i 1719, då skriven Amund Andersen Sørhe og må ha opphalde seg hjå broren på Sørli. Amund vart gift med ei jakobselotter og etterlet seg dottera Marta på 11 år, ifølgje eit skifte på Hellesund i Øygarden i 1740.
c. Ola f.kr. 1700,
d. Jon Ekr. 1710, til Tveiten (90), gm. Sigrid Olsdtr. Tveiten.
e. Anna, var mor til Brita Jonseltr. Hella (65).

67. RASMUS ANDERSEN SOLEND(66a) f.kr. 1696, d. 1769 på Dåvøy i Øygarden, fekk bygselsetel på Sørli i januar 1714. Ikkje lenge etterpå gifte han seg med INGEBORG. Ho og Rasmus vart ikkje verande lenge på Li. I 1720 fekk Rasmus ta over ein part av heimegarden på Solend, og i 1737 tok han over resten, "Hvilke Part hans Fader Anders Olsøn er fra død".
Me kjenner namna på to born i dette ekteskapet:

a. ANDERS f.kr. 1716, sjå nedanfor.
b. Anna, til Solend (41), gm. Rasmus Knutsen Solend. {s 372]

Rasmus hadde garden til 1746 og flytta seinare til Dåvøy i Øygarden. Han gifte seg opp att med Marta Johannesdtr. Der budde han då det vart sett opp skifte etter broren Jon, i 1761. Frå dette ekteskapet kjenner me namnet på ei dotter:

c. Ingeborg f.kr. 1757, til Dåvøy, g. 1792 med Nils Kristiansen Haukeland, ho d. 1842.

68. ANDERS RASMUSEN SOLEND(67a) f.kr. 1716, d. 1791 på Solend, tok over heimegarden i 1746 og gifte seg med INGER IVARSDTR. SOLEND(8g), f.kr. 1722, d.kr. 1795 på Solend. Nokre år tidlegare var han blitt stemna for tinget etter å ha nekta å vere med på å byggja opp att kyrkja, som var brunnen ned til grunnen. Han og åtte andre nekta av di kyrkja med alt kyrkjegodset var blitt selt til private. Dermed meinte dei at desse fekk byggja opp att kyrkja på eigen kostnad. Men dette kom dei ikkje langt med. Anders og dei åtte sambygdingane vart dømde til å ta sin del av byggjearbeidet eller betala for leigehjelp.
Born:

a. IVAR f.kr. 1751, sjå nedanfor.
b. Magne f.kr. 1755, til Toska (130-131), g. 1779 med Marta Arnesdtr. Toska, g. 1798 med Mari Monsdtr. Villanger, han d. 1821 på Toska.
c. Gunnar f. 1759, oppheldt seg i København i 1791, flytta heim og gifte seg til Risnes (35) i 1792, gm. Kristi Ottoseltr. Risnes, seinare Hernar i Øygarden, han d. 1829.
d. Anna f. 1761, ikkje nemnd i skiftet etter faren, d. ung.
e. Erik f. 1762, d. 1765.
f. Erik f. 1765, til Mangersneset (29), g. 1788 med Kari Nilseltr. Mangersneset, g. 1820 med Ingeborg Andersdtr. Kolstad, han d. 1843 i Mangersneset.

69. IVAR ANDERSON SOLEND(68a) f.kr. 1751, d. 1788 på Solend, er omtala som "velvoxen" i ei militærrulle. Hausten 1777 fekk han bygselsetel på heimejorda. Nokre månader før hadde han gifta seg med MARTA JENSDTR. HOLE f. kr. 1745, d. 1827 på Solend, dotter til Anna Monsdtr. og Jens Johannesen Hole i Sæbø.
Marta og Ivar var tremenninger. Dei fekk 11 år saman og ein son, som døydde då han var 13 år:
a. Rasmus f. 1779, d. 1792 på Solend.

70. MARTA JENSDTR. SOLEND (69) gifte seg opp att i april 1789 med den 26 år gamle TROND ÅMUNDSEN HALLAND (13a) f. 1761. Han døydde knapt fire månader etter bryllaupet, i august 1789, og etterlet seg ein son:
a. IVAR f. 1789, sjå nedanfor.
Jonsokkvelden 1790 gifte Marta seg for tredje gongen, med Østen Nilsen Lunde f 1760, son til Kari Olsdtr. og Nils Olsen Lunde i Sæbø. Tre månader etter bryllaupet fekk Østen bygselsetel på Marta sitt gardsbruk, "som afgangne (avdøde) Tron Amundsen har brugt".
Ei militærrulle fortel at Østen var liten av vekst. Han etterlet seg ikkje born. Så buet hans vart delt mellom enkja og syskena hans då han døydde, i 1820. {s 373]

71. IVAR TRONDSEN SOLEND (70a) f. 1789, d. 1840 på Solend, gift 1811 med MARTA OLSDTRD. BØRKJELAND (69i) f. 1791, d. 1855 på Solend. Ivar bygsla først garden, før han fekk skøyte i 1835.
Våren og sommaren 1840 vart det halde skifte etter Ivar. Buet inneheldt ein del sølv, m.a. ein to sølvbelte, ein sølvring og tre sølvspenner, derav "1 Par jomfruespænder". Størst verdi hadde likevel skøytet på garden, frå 1835. Men gjelda var stor. Så det vart ingenting att å dela på enkja og borna.
Born:

a. Anna f. 1812, til Alvheim i Øygarden, g. 1837 med Knut Olsen Alvheim, ho d. 1874 på Alvheim.
b. Rasmus f. 1815, sjå nedanfor.
c. OLA f. 1818, til Solend (76), g. 1841 med KARI ARNESDTR. HELLA, g. 1855 med Kristina Nilsdtr. Alvheim, han d. 1909 på Solend.
d. Siri f. 1821, d. 1821 på Solend.
e. Trond f. 1822, nemnd i skiftet etter faren i 1840.
f. Siri f. 1825, g. 1851 med Martinus Eriksen Sylta (9la).
g. Østen f. 1829, til Alvheim i Øygarden, d. 1911 på Alvheim, ug. fiskar.
h. Marta f. 1832, til Alvheim i Øygarden, g. 1853 med Mons Knutsen Alvheim, ho d. 1912 på Alvheim.

. . .

Bruksnr. 2 Myren – Myræ
76. OLA IVARSON SOLEND (71c) f. 1818, d. 1909 på Solend, fekk overskøyta halve heimegarden av broren i 1840 og gifte seg året etter med KARI ARNESDTR. HELLA (174b) f. 1816, d. 1855 på Solend. Dei fekk 15 år saman og fire born:

a. Anna f. 1842, til Alvheim i Øygarden, g. 1866 med Lars Jakobsen Alvheim, g. 1872 med Ola Jakobsen Alvheim, ho d. 1917 på Alvheim.
b. MARTA f. 1845, til Perhusbakken u. Sæle i Øygarden, g. 1872 med HALVAR RASMUSEN PERHUSBAKKEN, ho d. 1922 på Perhusbakken.
c. Turid f. 1847, til Halland (50), g. 1874 med Ananias Olsen Halland, ho d. 1916 på Halland.
d. Karolina £ 1850, sjå nedanfor.
e. Ivar f. 1854, til Solend (73), g. 1875 med Olina Monseltr. Kolstad, han d. 1939 på Solend.

Utpå ettersommaren 1855 gifte Ola seg opp att med Kristina Nilsdtr. Alvheim f. 1816, d. 1889 på Solend, dotter til Jakobia Luthseltr. og Nils Torbjørnsen Alvheim i Øygarden. . . .

- Tormod

KJELDER

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene, 3. bd. Manger: Radøy kommune,

Sjursen, Jahn Alfred. Ættesoge for Nordre Øygarden. Bergen, eige forlag, 1983.

0 Comments|476 Views|View full article
Genealogy:Slekt i Luster og Tyskland
Posted by: Tormod Kinnes on Jan 23 2012 10:52

Litt om Luster

Bakken-folket har slekt frå og i gardar i Luster kommune i Sogn - som garden Skår i Dale, Der stamma Thor Pedersen frå, mannen som kjøpte heile Spjelkavik kontant. Så står det i Borgund og Giske bygdebok, band 2.

Luster kommune omkring Lusterfjorden - som er ein arm av Sognefjorden - er den største i Sogn og Fjordane fylke og femner over fjordområde og delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Gaupne er kommunesenteret. Luster kommune grensar i nord til Stryn og Skjåk, i aust til Lom og Vang, i sør til Årdal og i vest til Sogndal og Jølster. Slik er det blitt etter at kommunane Hafslo, Jostedal og Luster i 1963 blei slegne saman under namnet Luster.

Gamle Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Luster prestegjeld i Indre Sogn prosti hadde sokna Nes, Dale og Fortun fram til 2004. Fram til 1967 høyrde også Gaupne sokn til prestegjeldet, men då blei det overført til Jostedal prestegjeld.

Anna:

Frå 1565 var Dale eige len, "fylke", ei tid. Men då den tredje lensherren døydde i 1614, blei Dale len lagt under Bergenhus.

Mildt og tørt sommarklima gjev gode vilkår for frukt- og bærdyrking.

Høgste fjellet i Luster er Store Skagastølstind, 2405 m.o.h. Det er samstundes høgste fjellet i Sogn og Fjordane. I Luster er det 40 fjelltoppar som ragar over 2000 meter over havet.

Frå botnen av Lustrafjorden og ut til havet er det 204 km - Sognefjorden er den lengste i verda.

Fakta-kjelde: NRK

Gardar i Luster som slekt har budd i

Til no har eg funne slekt frå desse gardane:

Berge i Fortun, Bolstad, Bringe, Dalsøren, Drægni, Fuglesteg, Fuhr, Hauge, Høyeim, Kalhagen, Leirmo, Moen, Mørkrid, Nes, Optun, Rønnei, Skagen, Skildeim, Skår, Sørheim, Venjum i Hafslo, og Åsen.

Ved å søkje på kvar gard, får ein fram kven blant anane mine som har budd der, og når, og foreldre, barn og makar til barna. Skriv ein til dømes "Sørheim" i søkjeboksa oppe til høgre på sida, kjem desse personane fram: Johan Kruckow og Elisabeth Nilsdotter. Klikk på lenkjenamna og få biografien fram. Slik fungerer det for dei fleste anane, frå Pommern i Tyskland i sør til Lebesby i Finnmark i nord.

- Tormod

0 Comments|207 Views|View full article
Genealogy:Farmor og ein emigrert son
Posted by: Tormod Kinnes on Jan 19 2012 09:47

1. Avisartikkel frå 1942:

"80 år. Henna Myren.Frå lokalavis

Spjelkavik, fyller 80 år den 1. mars. Hun ble født på Kvalen ved Larsnes. Her ble hun kjent med Daniel Larsen, Spjelkavik, som var gårdsgutt på prestegården. Da de skulde gifte seg reiste de til hans heimbygd. Daniel arbeidet forskjellige steder. Men etter et par års forløp kjøpte han en myrstrekning i utkanten av farsgården. Og no begynte det en strevsom men også interessant tid for Henna og Daniel, med bygging av hus og dyrking av jord.

-Det ble hverken med hest eller plog men med hakke og spade, sier den blide Henna til oss, da vi vitjer henne i høve dagen. Og det ble heller ikke minering, hver en stein ble slått i stykker. Om lag 30 mål er dyrket opp, men først måtte stoven og fjøs med løse [løe] reises. Vi ble en stor familie. 7 gutter og 2 gjenter, det ble 11 som skulde ha mat og klær. Daniel måtte derfor ta annet arbeid og det ble i de sparsomme fristunder han fikk arbeide for seg sjøl. Man [Han] drev mest som murer og drev også sjøen. Inne i stoven var det vevstol og rokk som fikk være prydnaden. Alt strikket og sydde jeg til barna, og når en hadde så mange karer som 8 ble det arbeidet tidlig og seint. Etter hvert som barna vokst til reiste noen av dem ut, to sønner drog til Amerika, hvor den ene døde. Seinere er en datter også død. No har hun de fleste av barna omkring seg, idet de har fått seg heimer på Myren, og dertil mange barnebarn, heile 40 og 11 barnebarnsbarn. Hun har vært enke i 18 år. No er det sønnen Johan D. Myren som driver gården ved sia av at han har skomakerverksted.

Det er er 60 år sia, Henna kom til Spjelkavik. - Den gang var det langt mellom hver nabo, no er det hus i hus alle steder, sier hun.

Henna Spjelkavik er ualminnelig kjekk for alderen men så har hun alltid hatt en god helse. Hun steller sin egen lille heim, og er svært fornøyet slik hun no har det. No kviler hun ut etter en lang og strevsom arbeidsdag."

[Henna var 80 år i 1942, og døydde tre år etter.]

Datterson hennar, Inge Ragnar Bakken, fortalde at dei som rydda og bygde Myren-garden i Spjelkavik, også henta mold ifrå lia ovafor garden. Dei bar molda i sekkar på ryggen (meis) og tømte ut over bergrabbane på flatene der innmarka til garden kom i stand etter kvart.

2. Søre Sunnmøre

Henna Rasmusdotter var frå garden Kvalen nær Larsnes i "Røvde/Rovde/Sande/Herøy" på Søre Sunnmøre. 'Sunn' i Sunnmøre tyder elles "Sør". Skiftande kommune- og prestegjeldgrenser og endra namn 'från forna da'r' får etter kvart utslag; slik er det mange stader.

I alle fall, no er Røvde offisielt omdøypt til Rovde. Og Rovde, som ei tid var eigen kommune, er blitt delt mellom Vanylven og Sande kommunar på Søre Sunnmøre. Det er fint der, synest eg. Og som Sande kommune skriv: "Utanfor allfarveg - heldigvis!" Det kan berge somme idyllar, det.

I 1837 var Sande og Rovde med i Herøy formannskapsdistrikt. Sande blei skild ut frå Herøy som eigen kommune 1. januar 1867, og den 1. januar 1905 blei så Rovde skilt ut frå Sande som eigen kommune. Dernest blei Rovde kommune (unnateke Rovdestranda), gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen i Herøy kommune og Sande kommune slått saman til den nye Sande kommune. Det fann stad 1. januar 1964. Same datoen blei Rovdestranda slått saman med Syvde og Vanylven kommunar til den nye Vanylven kommune.
Rovde kyrkje er frå 1872.
[Wikipedia, s.v. "Rovde"]

Sande og Rovde
• Sande sokn og Rovde var sokn i Herøy prestegjeld/kommune;
• Sande kommune og prestegjeld frå 1867;
• Rovde eigen kommune frå 1905.
• I 1964 blei Rovdestranda (fastlandsdelen av Rovde) lagt til Vanylven prestegjeld/kommune, mens Skredestranda og Dalebygda/Larsnes blei lagt til Sande prestegjeld/kommune.
• Åram (på fastlandet) høyrde til Sande sokn, blei eige sokn i Sande prestegjeld i 1925,
• Åram blei overført frå Sande prg. og kommune til Vanylven prg. og kommune frå 2002.
• Ein del av Sande sokn høyrde til Nærøy skipreide (saman med Herøy sokn) og resten til Vanylven skipreide (saman med Vanylven sokn).
• Rovde sokn høyrde til Rovde skipreide (saman med Syvde sokn).

Det står meir om Røvde/Rovde i Sandesoga, og meir om garden Kvalen og slektslinjer som går vidare derifrå, i 2. bandet.

3. HELSING FRÅ EIN EMIGRERT SON AV HENNA OG DANIEL MYREN

Brev heim til søster Ein av sønene til Henna, bror til bestemor mi, sende bestemor ei helsing og foto av seg frå Spearfish i Sør-Dakota etter å ha utvandra. Han kallar seg Luis Vick. Vick er er nok frå endinga i Spjelkavik, men Myren kunne vel også gått an. Eit søskenbarn, Berit [berit.nyhaug@gmail.com] skriv ho har originalen av helsinga. Eg fekk ho frå Lars Martin Fugledal.

Forholda i Spearfish den tida helsinga blei sendt, var spartanske, men i dag er det ein velståande universitetsby. Han ligg omgitt av tre fjelltoppar.

Og portrettet han skildrar som "dårleg", har ikkje blitt betre av fotokopiering. Det står nedst.

EI KJELDE

Olav Myklebust, red. Sandesoga, 3. utgåve. Sande sogeboknemnd. Band 1, band 2 og band 3. frå 1994, 1996 og 1997.

- Tormod Kinnes

Luis Vick, onkel av far

0 Comments|82 Views|View full article
Visits
0007465
 
Loading...
Loading...