Når vi tek til å samla inn personopplysningar frå distrikta rundt byane på 1800-talet - frå ulike utrykte kjeldetyper - møter vi ganske fort tre grupper menneske som ikkje kjem til syne i trykte bygdebøker, jubileumsskrift og lokalhistoriske skrifter. Desse er pleieborn, åndsvake og sinnslidande personar som blei sett ut til gardbrukarar mot betaling. Denne artikkelen tek for seg den første gruppa - pleieborna. Rigmor Frimannslund Holmen er ein av dei få her i Noreg som har skrive noko om fosterborn (Frimannslund Holmsen 1977) og dette vert eit tillegg frå Bergen og omlandet.

Det er eit par typer utrykte kjelder der desse borna kjem tydeleg fram. I folketellingsmaterialet (1865, 1875 1900, osb) frå visse distrikt nær Bergen er det slåande kor mange pleieborn som er nemnte. I enkelte strok i Nordhordland fanst det pleieborn mest på kvar gard over ei lengre periode. Ikkje alle, men svært mange var frå Bergen. Ser vi i kyrkjebøkene frå dei same stroka, finn vi ei mengd born fødde i Bergen, men konfirmerte på bygdene. Ikkje alle er pleieborn, men det viser seg at mange var det.

Vi treng ikkje vera så svært nyfikne for å undrast over kvifor det var så mange pleieborn kring Bergen. Desse borna må ha vore eit viktig innslag i kvardagslivet på småbruka, men dei trykte kjelde er tause. Dette er forunderleg når vi veit kor mykje lokalhistorie som finnst på Vestlandet. Men på den andre sida skulle vi vel ikkje vera så overraska - det er familien og slekta som er kjerna i dei fleste lokalhistoriske skrifter. Slektsgranskarane har ikkje interessert seg for dei som ikkje høyrde garden til.

At born har vore sett ut på bygdene er sjølvsagt ikkje ukjent, og spør vi om dette spesielt, får vi høyra mange fortellingar. Eldre folk hugsar framleis at foreldra eller andre slektningar tok imot fattige eller "slemme" born frå byen, og det er ulike syn på korleis det gjekk. Nokre fortel om korleis gardsfolket fekk skikk på dei umoglege ungane frå byen, medan andre fortel om kor vondt desse byungane hadde det på gardane.

Kjeldene set grenser for kor nøye vi kan undersøkje dette emnet. I Bergen manglar førebels dei sentrale arkiva som ville vera den beste kjelda til den eldre delen av denne soga. Men likevel finnst det spreidde utrykte kjelder som gje oss høve til å sjå nærare på denne verksemda mellom Bergen og distrikta.

Her skal eg konsentrera meg om arbeidet til ein privat, filantropisk forening i Bergen som frå byrjinga av 1840-talet av freista ta seg av forsømte born. Denne foreninga eksisterte heilt til 1932, då den vart avløyst av "Hjelpefondet for vanskelig stillet ungdom". Av plassomsyn held vi oss til 1800-talet, og byrjar ca 1840.

Born i Bergen 1840

Almueborn, det vil seie born som ikkje høyrde borgerklassen til, hadde det ikkje lett. Bergen må ha vore ein spennande og livleg by å veksa opp i, og minnelitteraturen fortel mykje om leik og moro( for borna). Men byen hadde sine skuggesider. Bustadtilhøva var svært dårlege mange stader, og særleg hjå dei fattige (Harris 1991). Skal vi tru avisene og utsegnene frå alle foreningane som voks fram hjå borgarskapet, levde dei lågare klassene eit liv med drukkenskap, fordervelse, seksualovergrep og kriminalitet. Talet på fattige var veksande og mange av desse borna trong meir omsorg og opplæring enn dei fekk. Vi veit lite om barnearbeid, men vi veit at det fannst. Reipslagararane til dømes, trong born til å snu spinnehjulet, og det blei ofte gjeve dispensasjon frå skulen slik at borna kunne arbeida hjå reipslagaren.

Ein del har vorte skrive om åra rundt 1840 fordi både fattigspørsmålet og skulesituasjonen blei drøfta offentleg, og resulterte i mellom anna at opprettinga av Bergen Barneasyl i 1840 og den nye fattiglova i 1845. Det var sjølvsagt ikkje alle almueborn som var fattige, men det var 1354 fattige born i skulepliktig alder. Av desse gjekk berre 403 på ein av dei fire fattigskulane. Nesten 3/4 av borna var utan skulegang. Kva gjorde dei så når dei ikkje gjekk på skulen? Mange gjekk i gatene dagen lang. Ein artikkel i Bergens Stiftstidende klagar over dette:

... Gadedrengenes Uforskammethed og Frækhed gaaer overmaade vidt, og det vækker ikke gode Tanker om den Orden, som burde herske i en Bye, naar enhver Reisende bliver overhængt af Betlere, naar han seer Børn og halvvoxne Mennesker af begge Kjøn til enhver Tid paa Dagen at streife om uden nogensomhelst sysselsættelse, uden hvad for Øieblikket kan føre med sig.... (Bergens Stiftstidende 1840, nr. 12)

Bergensborgarane såg lediggong som eit trugsmål mot moralsk oppseding og meinte dessutan at heile samfunnet ville tapa økonomisk på at born og unge mangla dei mest elementære kunnskapane. Assosiasjonsånda frå 1840-åra viste seg mellom anna i ei utbreidd interesse for å koma saman og endra dagens situasjon. Det var ikkje berre selskapelege og kulturelle foreningar som blei grunnlagt i 1840-åra, men også humanitære, religiøse og misjonerande. Borna var nå nokre av dei som skulle reddast frå undergangen.

Redningsarbeidet starta

Mellom dei ivrigaste i redningsarbeidet mellom fattige og born var bisp og prestar, og ikkje minst den arbeidsame rektoren ved Katedralskolen, Hans Holmboe . Det var Holmboe som leia arbeidet med skipinga av Bergens Barneasyl , og han fekk støtte av bisp Neumann. Begge var svært opptekne av å få born og unge vekk frå gatene og inn i undervisninga. Dei ønskte styring med barneoppsedinga. Holmboe foreslo barneasyl i 1840, og debattane som følgde var omfattande.

Bergen Barneasyl blei opna 1. november 1841 (Halkild Nilsen 1948, Mollatveit 1979). Asylet skulle ta i mot born til foreldre som var i arbeid, og anten let borna vera aleine eller overlet dei til eldre søskens omsorg. Då bisp Neuman vitja Asylet i 1842, var det 102 born i bygningen.

Barneasylet var vellukka og gav meirsmak, og både prestane og Holmboe arbeidde vidare med eit nærskyld tiltak som ikkje var knytta til institusjonen. I desember 1841 diskuterte prestane i Bergen om dei skulle grunnleggja ei forening etter dansk mønster, for å "redda" forsømte born. Foreninga skulle syta for at forsømte born fekk skulegang, arbeid og omsorg i familiar, anten i byane (København, Trondheim, eller Bergen) eller på landet. Dette var eit alternativ til institusjonaliseringa som elles var utbredd i Europa og USA på denne tida. Men det blei også bygd anstaltar for vanskelege born. Den mest kjente redningsanstalten i Noreg vart grunnlagt på Grønland, Kristiania i 1841 og er frå 1847 mest kjent under namnet Toftes Gave (Thuen 1987, 1992). Det skulle gå førti år før Bergensdistriktet fekk noko tilsvarande med etableringa av Ulvsnesøy skole i 1881.

Eit alternativ til plassering i institusjon var utplassering hjå utvalde familiar i privat pleie. Det har vore sagt at dette var mindre ønskjeleg:

... Vanartede og forsømte og forlatte barn ble reddet inn i anstalter, bort fra bylivets farer og slette foreldres påvirkning. Bortplassering i privat pleie og bruk av fosterhjem ble i alminnelighet sett på som en mindre god, skjønt billigere løsning, foretrukket bare i tillegg til institusjonaliseringen... (Dahl 1992,s.25)

Spørsmålet er på kva måte utplasseringane var mindre gode, og kvifor? Eit enkelt svar er at ein aldri kunne vera trygg for at born som blei sett ut til private ville få den disiplinen som var ønskjeleg for eit slik "forsømt" barn. Det var ikkje sikkert familien kunne ha same kontrollen som ein anstalt hadde. Som Dahl skreiv var privatpleie billegare enn oppbevaring i institusjon, fordi institusjonane skulle byggjast og det kosta pengar.

Opphald hjå familiar hadde andre fordelar sett med filantropane og prestane sine augo. I tida etter 1840 dyrka desse familieidealet. Om det var noko dei stakkars borna trong, var det å oppleva varme og kjærleik i ein god kristen familie. Dersom familien ikkje greide halde disiplin og det blei gjort lovbrot eller brot på god åtferd, skulle borna tuktast med innesperring. Fekk borna problemar med å tilpassa seg, var dei sterkt religiøse mellom dei som ivra mest for tukt, men i utgangspunktet skulle borna reddast.

...Tiltak for barn ble snart noe av et samlende felt for veldedigheten under samfunnsomveltningene i første halvdel av 1800-tallet. Barn var uskyldige både i sin ulykke og sine laster, de var derfor de mest verdige av alle verdige trengende. Barns lidelser kalte også fram de edleste følelser og dyder: barmhjertigheten og viljen til å ofre for andre. Både det medmenneskelige og det guddommelige kall gjorde seg særlig sterkt gjeldende når det gjaldt barna som uskyldige ofre for samfunnsutviklingens skyggesider.

Barn var også løfterike. De var uferdige. De kunne påvirkes og læres opp, reddes både for samfunnet og for Vår Herre... (Dahl 1992).

Bergen Barneasyl kunne hjelpa fattige born under skulepliktig alder, men nå måtte det gjerast noko for dei eldre borna som blei definerte som forsømte. Alle gode krefter, med Holmboe og Neumann i spissen, i allefall i startfasa, starta det som seinare blei kjent som "Redningsforeningen ".

"Selskabet til moralsk fordærvede og unge Menneskers Redning"

Presteskapet i Bergen drøfta problemborna på eit møte 12. desember 1841. Det skulle samlast inn pengar til "sædeligt forvildede Børns og Unge Mennskers Frelse". Bisp Neumann prøvde å kopla dette arbeidet saman med hjelp til lauslatte forbrytarar, men førebels fekk han lite støtte. På dette første møtet vart det samla inn 30 spd. blant prestane.

Den 22. desember blei det trykt ei offentleg innbeding til skiping av Redningsforeninga, og kontingenten vart sett til 1 spd. Ein komite blei sett ned for å utarbeida ei innstilling og framlegg til vedtekter, og her sat mellom anna prestane A.W.Greve og Hesleb Birkeland - begge skulle seinare verte svært aktive i ei rekkje humanitære organisajonar. Dei andre medlemmene var Rådstuskriver Edvard Solberg, Politimester Fietzentz og Justissekretær Bernt Anker .

Rådstuskrivar Solberg var sekretær for komiteen og han fekk i oppdrag å samla inn opplysningar om liknande tiltak andre stader, først og fremst i Noreg. I eitt av dei få breva som er bevart frå foreninga, fortel Solberg om ei liknande forening i Trondheim. "De Nødlidendes Venner", stifta 8. november 1827, hadde mellom 100-200 medlemmer og ein direksjon på 12, av desse var 6 kvinner. Opphavleg skulle denne foreninga hjelpe dei som trong til det, dels ved pengegaver, dels ved å skaffa dei arbeid og syta for at borna fekk skulegang. Ein gjekk snart bort frå å dela ut pengegaver og foreningas midlar blei brukt på følgjande måte: Omlag halvparten gjekk til klede for 60-80 fattige born slik at dei kunne koma seg på skulen, og ein fjerdedel vart brukt til å lindra brå naud, anten ved lån eller pengegaver. Den siste fjerdedelen gjekk til "Bestridelse af Omkostningerne ved forvildede Børns og Unge Menneskers Redning". Tilsaman brukte "De Nødlidendes Venner" over 300 spd. årleg, men berre 60-70 spd. gjekk til sjølve redningsarbeidet, skriv Solberg.

Måten borna kom inn under foreningas vengjer på, danna mønster for Bergensforeninga. Når politiet såg born og unge "i daglig Lediggang", forsømt av foreldre og drivande gatelangs, eller dei blei tekne inn til forhøyr hjå politiet, blei direksjonen i foreninga øyeblikkeleg varsla. Ein av medlemmene i direksjonen fekk så plassert det forsømte barnet hjå "en Brav Mand paa Landet".

Det blei lagt ut litt over 5 spd. pr barn. Solberg sa at det var ingen øvre eller nedre alderasgrense, men dei fleste var i "Opdragelsen Alder - almindeligst 14, 15, 16 Aar". Det blei sagt at Trondheimforeninga var heldig med dei unge, og ofte fekk dei gode tilbakemeldingar. Av og til ved marknadstider, kom ungdomane til byen og møtte opp hjå direksjonen ".. sunde og glade over deres nye Stilling og takknemlig for deres Redning".

Det er ikkje tvil om at Trondheimsforeninga inspirerte komiteen i Bergen, sjølv om dei ikkje følgde deira eksempel på alle punkt. Solberg henta og opplysningar frå hovudstaden, der redningsanstalten på Grønland nyleg var oppretta.

Selskapet vert stifta

Den første generalforsamlinga for Redningsselskapet blei halde 26. september 1842 og ein direksjon på fem - menn - blei vald. I tillegg til desse sat fengelspresten og politimesteren som faste styremedlemmer. Før direksjonen blei vald måtte forsamlinga drøfta den instillinga som var utarbeidd av den første komiteen. Det var usemje om foreninga også skulle ta seg av frigjevne forbrytarar, men alle var samde om at desse stakkars menneska i høgste grad trong støtte for ikkje å koma i ulukke på nytt.

Men det var forsømte born og unge forvilla menneske som primært skulle reddast ved å plassera dei ut mellom almuefamiliar. På denne måten ville ein "see mangt forvildet Barn reddet, idet man ved en Omsorg af dette Slags unddrager det fra Fristelser, og bringer det i Forholde, hvor det faae Anførsel til nyttig Virksomhed og daglig har velgjørende Exempel for sig..."

Både gutar og jenter skulle utplasserast og komiteen hadde tydelegvis større forventningar til jentene. Direksjonen si tru på jentene hang ikkje saman med at desse - som mødrene deira - var meir bundne til arbeid i heimen og omsorgsoppgaver, og derfor hadde mindre tid til lediggang. Det var gemyttet deira som var nøkkelen:

...Det blødere qvindelige Gemyt tør lade forudsætte at det ikke vil være saa vanskeligt at føre et forvildet Pigebarn tilbage til en renere Tænkemaade og Vandel, naar man har fjernet de Fristelser, som udsætte for saa mangfoldige Farer... Det turde derhos være forbundet med mindre Bekostninger at see nogle Pigebørn saaledes heldigen anbragte hos en samvittighedsfuld Husmoder eller flere saadanne, end opfostrede i et eget Redningshus... (Betækning og Indstilling, Bergen 1842).

Frå første stund var det meininga at jenter frå Bergen skulle plasserast hjå familiar, helst på landet, men også i byen. Dette var ønskjeleg av fleire grunnar. Gardskonene skulle påverka jentene, og det var billegare enn å byggja anstaltar for både gutar og jenter, særleg når ein måtte byggja slik at gutar og jenter var isolerte frå kvarandre. Direksjonen såg ingen problem med at jentene som vart sett ut på gardane kunne koma til å dela rom med, ja til og med seng, med søner og døtre på garden. Ein stolte på pleieforeldra når det galdt tilsyn med den sedelege framferda. Det blei andre tonar å høyra frå Redningsforeninga etter at Eilert Sundt publiserte avhandlinga si om sedeligheiltstilhøve, men dette låg langt fram i tid.

For gutane måtte det sterkare lut til. Det vert sagt at fordervelsen hadde gripe så veldig om seg at den var rotfesta i hjartet. Gutane trong den "...meest ufravendte Opmærksomhed og omhyggeligste Iagtagelse". Med andre ord nøye overvaking og kontroll. Dette var det best å gjera i ein anstalt, og Redningsforeninga vona på å byggja ein slik.

Foreninga som i ettertid vart kjent som Redningsforeninga eller "Forening til forsømte og forvildede Børns Redning ", heitte opphavleg "Foreningen i Bergen til forvildede Børns og unge Menneskers Frelse samt til menneskekjærlig Omsorg for de fra Straffe-Anstalternes løsladte Forbrydere". Statuttane hadde 20 punkt delt inn i tre avsnitt - om dei unge, om dei tidlegare straffa og foreningas organisering. Borna skulle vera mellom 9-18 år og anten ha vore straffa eller kome i moralsk fare.

Foreningas inntekter var medlemskontingent, eingangsgaver, tilskott frå fattigstellet, anna kommunal støtte og bidrag frå foreldra om det var råd. Inntektssida såg ut til å vera i orden. Utgiftene var jentenes pleieforeldre, oppsynspersonar i gutanes redningsanstaltar, husleige, mat og klær til borna, undervisning og andre driftskostander, som inventar og vedlikehald.

Kven var medlem i Redningsforeningen?

I avhandlinga si om foreningslivet i Bergen 1814-1850 skriv John Herstad at Redningsforeningen var dominert av embetsmenn og kjøpmenn, med eit innslag av middelstanden (Herstad 1965). Av 170 medlemmer i Redningsforeningen var 44 embetsmenn. I tillegg til desse finn vi kjente slektsnamn frå Bergensborgarskapet: Blaauw, Friele, Gran, Grieg, Irgens, Janson, Krohn, Kroepelin, Meyer, Mohn, Mohr, Mowinckel, Paasche, Rosendahl, Wallace, Vedeler, Wesenberg og Wiese. Det var desse borgarane, saman med embetsmenn og skulefolk som skulle redda dei forsømte borna for samfunnet og Vår Herre.

Medlemstalet var høgt det første året - 170 - men alt i dei følgjande åra tok det til å gå ned. I 1844-45 var det 155 medlemmer, men 39 av desse hadde ikkje betalt kontingenten. Medlemstalet sokk. I 1865 var det 56, i 1870 44 og på 1880-talet stabiliserte det seg mellom 33 og 38. Som vi skal sjå auka likevel aktiviteten, og det var enkelte som sat i styret i fleire tiår, og deira entusiasme såg ikkje ut til å ta slutt.

I avhandlinga si om foreningslivet i Bergen 1814-1850 skriv John Herstad at Redningsforeningen var dominert av embetsmenn og kjøpmenn, med eit innslag av middelstanden (Herstad 1965). Av 170 medlemmer i Redningsforeningen var 44 embetsmenn. I tillegg til desse finn vi kjente slektsnamn frå Bergensborgarskapet: Blaauw, Friele, Gran, Grieg, Irgens, Janson, Krohn, Kroepelin, Meyer, Mohn, Mohr, Mowinckel, Paasche, Rosendahl, Wallace, Vedeler, Wesenberg og Wiese. Det var desse borgarane, saman med embetsmenn og skulefolk som skulle redda dei forsømte borna for samfunnet og Vår Herre.

Medlemstalet var høgt det første året - 170 - men alt i dei følgjande åra tok det til å gå ned. I 1844-45 var det 155 medlemmer, men 39 av desse hadde ikkje betalt kontingenten. Medlemstalet sokk. I 1865 var det 56, i 1870 44 og på 1880-talet stabiliserte det seg mellom 33 og 38. Som vi skal sjå auka likevel aktiviteten, og det var enkelte som sat i styret i fleire tiår, og deira entusiasme såg ikkje ut til å ta slutt.

Kven skulle reddast?

Kven var dei "forsømte og forvildede barn" som skulle reddast? Det blei aldri gjeve noka klar definisjon av kva som var meint med dei "forsømte", "forvildede" eller "moralsk fordærvede", men det var ikkje tvil om kven direksjonen skulle redda. Det er bevart nokre få handskrivne lister frå dei første seks åra over dei borna og tidlegare fangar som direksjonen var merksame på. Mellom desse var born som hadde vore straffa eller innkalla til politiet, mistenkt for lovbrot. Det var born som dreiv gatelangs og ikkje gjekk på skulen. Dei hadde mellom anna ikkje pengar til klede. Enkelte born hadde ikkje foreldre i live, og mangla av den grunn omsorg. Det var born med "problematiske" foreldre, den eine eller begge drakk, eller hadde låg moral. Til slutt var det ein god del som var kome i faresonen, og direksjonen kalla desse inn til forhøyr, eller undersøkjing som dei kalla det. Eit godt døme på type melding frå dei geistlige er eit brev frå kapellanen i Korskirken i Bergen til Stiftsprostiet, datert 31.8.1843. Her står det m.a.

...En Dreng her af Korskirkens Menighed, ved Navn Johannes Stephensen, født 27 de. Januar 1822, og for Tiden i Lære hos Bødkermester Berle, er endnu ikke, uagtet gjentagne Foranstaltninger fra min Side, confirmert i sin Daabspagt. Allerede for nogle Aar siden har jeg formanet hans meget forsømmelige Moder til at lade ham søge skole, den jeg har tilbudt hende at skaffe uden betaling; jeg har anmeldt ham for den Commission der har antaget sig moralske fordærvede Børn: med eet Ord: jeg har gjort hvad der har staaet i min Magt for at faae ham oplyst og confirmeret, - men Alt forgjæves...

Når det galdt dei tidlegare fangane var det ikkje lett å sjå kven som blei plukka ut mellom dei mange som slapp ut frå straffeanstaltane. Truleg var det helst fangar som var tilrådd av presten for Tugthuset og Slaveriet fordi dei hadde skikka seg bra medan dei var innsette. Det er bevart eit par brev frå fengselspresten som sat i styret, der han tilrår innsette. Presten var ingen ringane enn Peter Hersleb Graah Birkeland, seinare bisp i Bergen og ein varm støttespelar for dei humanitære laga. Han ser ut til å ha vore mellom dei mest aktive i Redningsforeningen.

I dei første åra i Redningsforeningens historie blei namna på dei utplasserte borna trykte i avisene, seinare vart dei anonymiserte. I tillegg finnst nokre kladdar til lister over born som ikkje gjekk på skule, eller som direksjonsmedlemmene vurderte som omsorgsobjekt. Når ein ser på alle namna under eitt og sjekkar så godt det let seg gjera, ser vi at ungane ofte kom frå tre strok av byen; Fjellsiden, Nøstet og Nordnes. Nokre kom frå Skuteviken, men dei fleste på Fjellsiden kom frå Stølen-Blekevei og smuga sør frå svingane opp til Skansen. Stroket rundt Nøstet var godt representert, men dette stroket blei sett på som det simplaste i byen, og det var her dei fleste vertshus, bordell og dei dårlegaste husvere låg. Dei andre borna kom frå ytst på Nordnes og smuga rundt Vaskerelven og Veiten.

Etter den første årsmeldinga var det 14 born som foreninga kalla trengjande, men på kladdelistene finn vi over 70 namn på born og lauslatne forbrytarar. Dei aller fleste var gutar mellom 9 og 18 år, men nokre var eldre og yngre.

Mellom dei borna som ikkje gjekk på skule fordi foreldra ikkje hadde råd, finn vi ofte søsken. Foreninga freista plassere desse saman. Vi ser og at born frå ulike familiar kunne bu i same hus, og det må ha vore litt tilfeldig kven direksjonen fanga opp i garnet sitt.

Dei fleste av dei forsømte hadde kome i kontakt med loven. På nokre av listene er det rubrikk for merknader; her står ofte "tyvagtig" og "drikkfældig". Når vi undersøkjer foreldra sin situasjon, finn vi ofte at berre ein av dei levde, eller at berre ein hadde omsorgsansvaret. I tillegg får foreldra dårlege skussmål som tjuv, drankar eller tyrann. 1840-50 åras born og ungdomskriminelle hadde ofte vanskeleg foreldrebakgrunn og var overletne til seg sjølve, medan foreldra strevde med sine eigne problem. Mønsteret er velkjent og ikkje overraskande.

Det har ikkje vore råd å undersøkja bakgrunnen til alle borna, og derfor heller ikkje mogleg å gje nokon statistikk, men tendensane er klåre. I eit brev til presten i Hosanger 22. februar 1843 skriv direksjonen:

...Erfaring har viist at det ofte er Mangel paa kjærlig Omgjængelse, og fuldkommen Ligegyldighed fra Foreldrenes Side, der har bragt Barnene ud paa en saa sørgelig Bane...

Kven redda borna?

Vi har sett kven som var medlem i Redningsforeningen, men sjølv om det var desse som betalte for å redda dei forsømte, var det pleieforeldre som skulle arbeide i det daglege med borna.

Born frå Bergen hadde vorte sett på på landet frå iallefall frå slutten av 1700-talet, men det har aldri vore forsøkt funne ut kvifor nokre familiar tok imot desse ungane. Trass i den filantropiske og religiøse ånda var annleis frå 1840-åras, er det mogleg at nokre trekk ved utplasseringa var felles.

Direksjonens framgangsmåte for å finna pleieforeldre var enkel. Etter mønster frå Trondheim var byens handverksmeistrar bedne om å ta gutar i lære. Ei liste frå 1842-1843 viser at 17 meistrar teikna seg, pluss eit garveri. Dei fleste som ville ta læregutar med vanskeleg bakgrunn, kom frå fag som var mellom dei dårlegast betalte i Bergen. skomakarar (6) og skreddarar (4). Vi kan ikkje sjå kor mange handverkarar som tok imot born, men eksisterande rekneskap frå 1840-åra har berre ein handfull handverkarar over ei tiårsperiode. Borna må anten ha vist seg vera ustabile, eller foreningen har satsa meir på pleieforeldre på landet, der gutane kom lenger vekk frå omganmgsvener og freistingar i byen. Det er uråd å sjå om nokon tok svenneprøve medan foreningen hadde omsorg for dei.

Redningsforeningen meinte borna burde setjast ut i distrikta som var lette å nå frå Bergen. Kommunikasjonane den tid leider tankane mot øyane nord utanfor Bergen og Lindåshalvøya. Fleire distrikt her i Nord-og Midhordland hadde teke imot born frå Bergen tidlegare, og det var god von om å finna pleieforeldre. Vinteren 1842 skreiv direksjonen til fleire sokneprestar i distriktet og ba dei hjelpa til å finna "brave Almuefolk i sædelig bekjendte Menigheder" som var viljuge til å ta imot born mellom 9 og 18 år. Pleieforeldra var tilbode 15-20 species årleg, og borna vart sett ut med prøvetid på eit par år. I eit brev til sokneprest Heyerdal i Hosanger seiest det at det berre kjem på tale med "..saadanne Almue-Folk, der er (Deres Værdighed) fordeelagtig bekjedte, og om hvem der tør forudsættes at de med Alvor og Bestemthed ville tilholde de dem betroede Børn til et arbeidsomt Liv, og derhos virke fordeelagtigen paa deres Tænkemaade.."

Nokre prestar må ha vore avventande, og let vera å svara, eller bruka lang tid på det. Presten i Hamre skreiv til dømes i juli 1843 at ingen i prestegjeldet var interessert. Presten i Hosanger var unntaket, og Heyerdal tok opp kampsverdet mot dei "moralsk fordærvede og forsømte gutter". Med hjelp frå fleire av medlemmene i soknet, byrja redningsarbeidet for alvor i løpet av våren 1843. Direksjonen hadde håp om å få utplassert 2-3 gutar i kvart prestegjeld, men Heyerdal var ivrig og seks gutar flytta til nye heimar i Hosanger våren 1843.

Talet på utsette ungar auka i åra frametter, og frå 1844-45 blei også nokre få jenter utplasserte. Tabell 1 viser borna som Redningsforeningen hadde ansvaret for i tida 1842-1900.

Tabell 1: Born i Redningsforeningens ansvar 1842-1900

År

Gutar

Jenter

Tilsaman

1842-43 6 0 6
1843-44 5 0 5
1844-45 9 2 11
1845-46 9 2 11
1846-47 11 2 13
1847-48 16 2 18
1848-49 12 2 14
1849-50 15 3 18
1852-53 20 7 27
1853-54 16 6 22
1855 18 8 26
1856 19 8 27
1857 15 8 23
1858 26 10 36
1860 27 10 37
1861 19 6 25
1862 18 7 25
1865 18 5 23
1866 20 6 26
1867 28 4 32
1868 30 5 35
1869 36 6 42
1870 32 5 37
1871 31 4 35
1872 23 5 28
1873 20 6 26
1874 22 9 31
1875 20 9 29
1876 20 9 29
1877 19 9 28
1880 36 6 42
1881 30 7 37
1882 28 8 36
1883 26 7 33
1884 27 6 33
1885 22 5 27
1886 22 6 28
1887 27 6 33
1888 28 8 36
1889 34 9 43
1890 35 9 44
1891 29 7 36
1892 54 9 63
1893 58 6 64
1894 64
1895 49
1896 35
1897 40
1898 51
1899 56
1900 60

Nokre få folk i Hosanger var tidleg ute, men frå 1850-åra kom gardbrukarane i naboprestegjelda for fullt. I den perioden denne artikkelen tek for seg, fekk Haus, Hamre og Manger ein dominerande stilling både når det galdt talet på utplasseringsstader og talet på utsette born. Lindås, Alversund og Fana ligg på plassane bak. Fana var det einaste oprestegjeldet i Midhordland som tok imot meir enn eit titalls born gjennom Redningsforeningen.

Det har ikkje vore mogleg å undersøkja alle mottakarheimar eller pleieborn, men førebels har eg sett nærare på vel 40 familiar som tok imot bergensungar i tida 1850-1900. Det viste seg at det var fleire fellestrekk, utan omsyn til om det var tidleg eller seint i perioden. Her er det ikkje plass til ein detaljert gjennomgang, men eg vil heller visa fellestrekka frå gardane i Hamre, Haus og Manger.

Det er registrert 111 gardbrukarar i Hamre og 118 gardbrukarar i Haus som tok imot born gjennom Redningsforeningen. Når vi veit at dei lokale fattigstyra også sett ut born i pleie, og at nokre gardar tok imot born frå Bergens fattigvesen, forstår vi breidda i denne verksemda.

Fellestrekka er:

  1. Nygifte par med småborn tok imot tenåringsjenter.
  2. Når gardbrukarane sine eigne ungar var store nok til å klara seg utan barnepass, skjer det eit byte av pleieborn - ein gut blei nå teken inn istaden for jenta.
  3. Gardbrukarar som nettopp hadde overteke garden og i tillegg ofte hadde småborn, tok imot gutar i aldaren 12-15 år eller eldre.
  4. Pleiedøtre i tenåra flytta til nabobruk dersom det var småborn der.
  5. Om ei pleiedotter flytta etter konfirmasjonen blei ho som regel erstatta av ei ny tenåringsjente om det var spebarn eller småbarn på garden.
  6. Det er sjeldan tenestefolk på garden om pleieborna er tenåringar.
  7. Nokre pleieforeldre tok inn tenåringsgutar når dei først overtok garden, men når eigne born kom i tenåra slutta dei med pleieborn. Når eigne born flytta ut, tok dei inn pleieborn att, oftast jenter.
  8. Bornlause pleieforeldre tok meste utan unntak imot eldre gutar.
  9. Einslege ungkarar tok inn tenåringsgutar.
  10. Der pleieforeldre hadde hatt særs vanskelege born som dei hadde sendt attende til byen, finn vi seinare pleieborn frå lokalområdet eller frå Bergen fattigvesen.

Dette er dei mest påfallande trekka, og det kan ikkje vera tvil om at pleiborna i dei fleste tilfella vart tekne inn som arbeidskraft. Som vi har høyrt, var desse også forutsett alt i starten av Redningsforeininga.

Når eit born vart utplassert på ein gard var det ikkje uvanleg at fleire av nabogardane fylgde etter med barn frå foreninga. Seinare tok pleieforeldras vaksne ungar imot den neste generasjonen av forsømte born.

Ryskeland - eit døme

Eg har vald ein gard i Hamre prestegjeld som døme på utplasseringsstader for borna frå Redningsforeininga. Diverre er kjeldene få og det er ikkje mogeleg å gje ei grundig analyse av livet som borna hadde på gardane. Det ville ha vore interessant å sjå korleis borna passa inn i livsituasjonen til gardbrukarne og samstundes korleis dei stod i forhold til den generelle økonomiske drifta på gardane. Sjølv om kjeldene er fattige kan vi forsøke med nokre tolkningar. Det er von om at det i framtida kan finnast fleire kjelder.

Om garden Ryskeland

Ryskeland, er gnr. 62 i Hamre, noverande gnr.139 Osterøy kommune.Prestegjeldet ligg på begge sider av Osterfjorden og Ryskeland er på Osterøy, sør-aust for kyrkjestaden Hamre. Garden ligg i eit dalføre mellom Valestrands-fossen og Lonevåg, og 3/4 del av alle gardane her tok imot born frå Redningsforeininga ein eller annan gong mellom 1851-1900.

Ved midten av 1840-åra var det 4 bruk på Ryskeland med bruk nr. 1 som det største og bruk nr.2 og 3 som dei minste, kring halvparten så store som bruk nr.1. I følge matrikkel- forarbeidet etter 1863 var all dyrkbar jord i bruk, men gardane var tunge å driva. Dei hadde brensel frå eigen skog med noko som kunne selgast. Som på mange gardar på Vestlandet vart det her sanka tilleggsfôr frå trærne - skav.

Det første paret som tok til seg eitt barn frå Redningsforeininga var Ole Larsen og Brita Nilsdatter . Desse gifta seg i 1842 og den 18. mai samme år overtok Ole bruk nr.3 som vart utskilt frå bruk nr.2. Dei hadde 4 kveg og 6 sauer på bruket i 1845, og sådde 1 1/2 tønner havre og 1 tønne potetar.

Det er ikkje mykje vi veit om drifta på garden eller om dagleglivet til ekteparet, men vi møter dei att i folketellingsmaterialet og ved høgtider; dåp, konfirmasjon, giftarmål, gravferd osb. Ole og Brita fekk ei dotter, Ingeborg i 1842 og ein son, Jens i 1845. Det er mogeleg at det var ein son her kring 1851, men kjeldene er nokre uklare her og guten forsvinn etter 1855. Det er freistande å spekulera i om det var problem rundt denne fødselen, for både mor og barn, som førte til at ekteparet høyrde på presten sine oppmodinger og tok imot sine første pleieborn i byrjinga av 1851.